Jordbær-republikken Taiwan

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 28.02.2018 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor reiste vi til Taiwan

Fersken-generasjonen. Jordbær-generasjonen. Iskrem-generasjonen. Avhengig av foreldra-generasjonen. Kjært barn har mange namn.

Ifølgje stereotypien består denne generasjonen av skjøre og tynnhuda ungdom. Dei toler like lite motstand som eit jordbær eller fersken – eit lite knuff og dei blir skada. Eller ennå verre; dei smelter saman når omgjevnadane blir oppheita.

Vi stilte opp eit kamera på togstasjonen i Taipei og spurte unge og eldre forbigåande om jordbærgenerasjonen (sjå video øvst i saka). Stemmer stereotypien?

Ja, sa dei godt vaksne.

Nei, sa dei i 20-åra.

Sidan 1980-talet har verda har kunne observere den eine studentrørsla etter den andre. Dei har okkupert regjeringsbygningen, stoppa utbygginga av atomkraftverk og starta eit politisk parti som berre tre år gammalt har vunne fem sete i parlamentet. Det er mykje som kan tyde på at taiwansk ungdom ikkje er ein generasjon av tynnhuda jordbær.

Dei neste vekene skal vi fortelje historiane om Taiwans yngre garde. Vi har møtt unge som engasjerer seg i LHBTQ-aktivisme. Kvinner som trassar seksuell trakassering i jobben. Ungdom som gjer si eiga greie.

Men kvifor set vi søkelyset på Taiwan? Fordi det er ei historie lik David og Goliat, berre at vi ikkje veit kven som kjem til å vinne. Det einaste vi veit er at det kan få konsekvensar.

Den lille øya Taiwan er på storleik med Nordland fylke og husar rundt 23 millionar innbyggjarar. Den har gått frå å vere verdas leiketøysfabrikk, til å produsere anerkjent teknologi som Acer, Asus og HTC.

Taiwan, eller Republikken Kina som er det offisielle namnet, er Asias sjuande største økonomi, har ein demokratisk valt president og er ein komplett stat med alt det det inneber. Men på grunn av naboen Kina får dei ikkje handle som ein statleg aktør i internasjonalt farvatn. Beijing ser nemleg på Taiwan som ein kinesisk provins, og med all den makta Kina har, er det få statlege aktørar som tør å seie i mot dei. Noreg, og 171 andre statar, anerkjenner ikkje Taiwans suverenitet. Og som følgje får ikkje Taiwan sete i FN eller Verdas Helseorganisasjon, og må delta i årets vinter-OL i Pyeongchang under flagget «Chinese Taipei».

Det foregår eit stort politisk maktspel om den vesle øya. Beijing står i front, og resten av verda kan ikkje unngå å delta. Om Taiwan blir ein papirlaus stat, eit sjølvstende land eller kinesisk provins i framtida, er mykje opp til den komande generasjonen. Ein generasjon som blir skulda for å ikkje tole motstand.

Er Taiwan på veg til å bli ein jordbær-republikk?

Les alle sakene frå Taiwan her!

Taiwan

  • Øy i Aust-kina-havet. Det offisielle namnet er Republikken Kina.
  • Grunnlagt i 1949 etter borgarkrig i Kina.
  • 23 millionar innyggjarar fordelt på eit landområde på storleik med Nordland fylke.
  • Offisielt språk er mandarin.