– Samfunnet sine normar for kjønn og seksualitet kan gå og ta seg ein bolle, seier Vetle Mikkelsen, som går i drag som Svetlana Pusantowa.

Erik Hatleli Aasen / Studvest
Erik Hatleli Aasen / Studvest
Faktaboks
  • «Drag» handlar å kle seg som det motsette kjønn. Ofte inneber det å overdrive karakteristikkane til det kjønnet ein kler seg ut som for ein komisk effekt.

  • «Drag queens» er menn som kler seg som kvinner og sminker seg svært mykje, ofte som ein del av ei forestilling.

  • Humor og satire omkring kjønnsroller og seksualitet er ofte brukt som verkemiddel i eit drag-show.

  • Drag vert ofte forbunde med homofil kultur, men det finst mange forskjellige variantar. Drag-kings, til dømes, er kvinner som kler seg ut som menn.

  • Drag-kulturen er vorte meir akseptert dei siste åra, og blitt ein del av populærkulturen gjennom til dømes RuPaul’s Drag Race og Melodi Grand Prix.

  • Ein treng ikkje vere skeiv for å vere drag-artist.

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka stod først på trykk i Studvest.

Det brannraude håret hennar slår om kapp med kjolen i den kalde oktobervinden. Ho var ganske annleis sist gong eg trefte ho. Då var ho nemleg ein røsleg kar frå Odda med lilla hår, som prata iherdig om kjønnspress og samfunn. Rart kva ei veke kan gjere med folk.

Då studenten Vetle Mikkelsen vaks opp på bygda i Hardanger, var det ikkje mange skeive føregangsfigurar å sjå. Som eit svar på bygdedyrets murring, starta han med «drag» (sjå faktaboks).

– Det er ikkje noko eg gjer ofte, men for spesielle anledningar er det veldig gøy. Og ein får alltid reaksjonar på det. Som for eksempel då eg gjekk i drag under regnbogedagane i fjor, kom ei eldre dame bort til meg og sa: «slike menneske som deg, som er verken mann eller kvinne, dei kjem ikkje inn i Guds rike.» Eg heldt på å le meg i hel, fortel Vetle.

Les også Vetle Mikkelsen sitt debattinnlegg: Viss ein mann med knekk i handleddet gjer deg ukomfortabel, er du faktisk ein del av problemet.

Drag er punk-rock
Vetle er ein aktiv person med sterke meiningar om kjønnsroller og seksualitet. Han er leiar av Skeivt Nettverk Raudt på Vestlandet, leiar av Raudt Studentlag i Bergen og studerer, kanskje ikkje særleg overraskande, kjønnstudium ved Universitetet i Bergen (UiB).

Svetlana går med kraftige platåsko med naglar og har raudt hår. I eit anna liv hadde ho gjerne vore blitzar.

– Er drag-artistar dei skeives variant av punkarar?

– Ein kan kanskje sei det litt sånn? Det er mange som vil sei at drag er ganske punk-rock. Det er i alle høve blant dei som har skilt seg mest ut og stått på barrikadane gjennom historia, seier Vetle tankefullt, før han fortsett:

– Det var dei som turte å vere annleis. Ein ser ikkje like store tendensar til dette i Noreg. Her har vi folk som Kim Friele og Torstein Dahle som har gått i bresjen. Dei har ikkje vore spesielt glitter og glam, men det har gjerne vore ein litt annleis kultur. Det har gjerne meir med politisk radikalisme å gjere.

Les også: Nino likar seg best i dameklede. Nå vil han ikkje gøyma seg lenger

DRAGQ_JK_05
Karakteren Svetlana Pusantowa er, ifølge Vetle, ein verre versjon av han sjølv. Foto: Jacob Knagenhjelm / Studvest

Kvinneklede sidan 1870
Når Vetle går i drag heiter han Svetlana Pusantowa, eit namn han fekk av si «drag-mama».

– Det [«drag-mama», journ. anm.] er litt som ein mentor. Nokon som lærar deg «the basics», seier Vetle.

Men sjølv om ein lærar seg det grunnleggjande om drag-verksemda, er det framleis litt av eit kunststykke å få ein røsleg kar på nærare 1.90 til å bli noko som skal minne om ei dame.

– Eg gjer ikkje drag så ofte, for det er faktisk dritstressande. Sminka er verst. På ein vanleg dragperformance brukar eg to timar på sminke — sjølv om det ikkje ser slik ut, seier Vetle og ler.

Det er viktig å ikkje blanda uttrykka «drag» og «transkjønnethet». Der «trans» handlar om kjønnsidentitet, handlar drag om skodespel og kreativitet. Motiva kan òg vere så enkle som løna arbeid og underhaldning.

Når eg treff Svetlana denne kalde oktoberkvelden, må eg bøye nakken og sjå ganske brått opp for å få augekontakt. Dei nagla platåskoa til Svetlana gjer meg ingen tenester.

Drag er teater med røter i den skeive rørsla, og uttrykket vart først nytta til å beskrive mannlege skodespelarar i kvinneklede allereie så tidleg som 1870.

– Eg har blitt hyra inn til bursdags- og bachelorettefester og liknande heime i Odda. Det var svært kleint. Intenst. På det tidspunktet var karakteren Svetlana framleis under utvikling. Det å gå i drag midt på lyse dagen i Odda sentrum, det er gjerne ikkje det aller kjekkaste ein kan finne på, seier Vetle og gys på ryggen av minnet.

Les også: Bill. mrk.: Isak søker Even

Kle deg ut og ver deg sjølv
Men kven er denne høgreiste amasonekvinna med altfor mykje sminke? Korleis blei ho til? I følge Vetle er ho ein slags ufiltrert versjon av han sjølv.

– Svetlana og Vetle flyt veldig inn i kvarandre. Den største forskjellen på oss to er at der eg gjerne kan vere litt frekk og «sassy», så er Svetlana veldig frekk og «sassy». Ho er sinnsjukt trashy, og er generelt et jævleg menneske. Men Svetlana er òg veldig anti-jantelov. Ho er ein midtfinger i vêret til det etablerte, fortel Vetle.

– Samfunnet sine normar for kjønn og seksualitet kan gå og ta seg ein bolle. Den svenske skodespelarinna Saga Becker, som òg er transkvinne, sa det ganske fint: «Jag finns, och i mitt liv er det jag som er normen.»

Bodskapet Vetle ønskjer å få fram er ikkje eit særleg avansert bodskap, men like fullt eit viktig eit:

– Alle burde få lov til å vere seg sjølv, uavhengig av normer for seksualitet og kjønn.

I 2015 vann Vetle Mikkelsen Framtida.no sin skrivekonkurranse om det grøne skiftet. Les innlegget her: Framtida ser lys ut. Men først må me få fingeren ut!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

LES OGSÅ

ANNONSE