Lothepus er den nynorske superkjendisen verda treng
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det er ikkje lenge sidan eg og mange med meg aldri hadde høyrt om Lothepus. Eg veit framleis ikkje heilt kvifor han er kjendis. Men no er han plutseleg overalt. Etter at han først tok steget til tv-skjermen frå dei bratte grøftekantane ved Hardangerfjorden, har Lothepus no funne vegen til butikkhyllene – og derifrå kryp han i desse dagar inn under tusenar av juletre over heile landet.
Ikkje berre har boka om Lothepus – eller Leif Einar Lothe, som han heiter – vore ein av dei store beststeljarane i bokhandlane i heile haust. Han har i tillegg sett namnetrekket sitt på ei lang rekkje kommersielle produkt, frå genserar via raudvin til dusjsåpe.
Og der Lothepus går, følgjer nynorsken. Nynorsk er ein sjølvsagt del av identiteten til skytebasen frå Hardanger, og difor ein sjølvsagt del av merkevara «Lothepus». Både Hansa sin Lothepils, Lotherus-raudvin og parfymen Lothusblomen har tydeleg bruk av nynorsk og dialekt.
Det finst rett nok eitt unntak: Serien med såpe, deodorant og parfyme for menn fått det noko tvilsame slagordet «La menn være menn». (Akkurat dét er det kanskje greitt at står på bokmål.)
Desse smått absurde varene understrekar at Lothepus er blitt ein rikskjendis av typen nynorskverda knapt har sett maken til. Sjølv Tone Damli har berre halvparten så mange følgjarar som han på Facebook, medan Daniel Kvammen har ein femtandedel. Ingen andre nynorske facebooksider er i nærleiken.
At fenomenet Lothepus har eksplodert på denne måten, bør gleda alle som er glade i nynorsken, uansett kva dei elles synest om mannen Leif Einar Lothe. Målrørsla har lenge prøvd å motarbeida den gamle klisjeen om at «nynorsk er fint i dikt». Men sanninga er at nynorsk for det meste har vore brukt på område for «spesielt interesserte», som lyrikk – eller på område der han har vore «kvotert inn», som på NRK.
- Tabloidavisa VG stod for eit unntak tidlegare i år: Opnar for meir nynorsk
Dette har vore gjenspegla i den offisielle delen av nynorskkulturen. Utmerkinga «Årets nynorskbrukar» har dei siste åra gått til mellom anna ein filosof, ein kunsthistorikar og ein generalløytnant – folk som har hatt gjort nynorsken synleg og respektert på sine område, men ikkje folk som når ut til massane.
Til liks med Vassendgutane, truleg det desidert mestseljande nynorskbandet dei siste åra, har ikkje Lothepus enno fått nokon utmerkingar frå målrørsla eller opptredt på Dei nynorske festspela. Mange nynorskfolk skjemmest nok litt over Lothepus og dei kommersielle sprella hans. Nynorsken skal vera synleg over alt, ja – men helst gjennom noko litt traust og tradisjonelt som Lerum, eller hipsterkult som Daniel Kvammen.
Lothepus viser ei anna side av nynorsken. Han viser at nynorsken er ikkje berre for folk som jobbar i kultursektoren og les filosofi på fritida medan dei drikk mikrobrygg frå Ægir. Nynorsken er òg for lauskjefta anleggsarbeidarar med usunne vanar og tvilsame haldningar – og for alle som synest at denne forfylla vestlendingen har noko skakt og sjarmerande over seg, og difor fyller gåvesekken med Lothepus-genser, bok og parfyme.
Lothepus-feberen kjem til å gå over. Til neste jul er han kanskje gløymt av alle andre enn marknadsavdelinga i Samlaget. Men med den store kjeften sin og den like store kremmarånda si har skytebasen frå Hardanger allereie sprengt nye hol i fjellet for nynorsken – hol som fleire kan gå gjennom i framtida. Varsku her!
- Les òg: «Det er ikkje tilfeldig at den einaste nynorskbrukaren i regjeringa er ein kjøtskjerar frå Frp»
Mållagsleiar Magne Aasbrenn stilte seg i kø då Lothepus signerte bøker i Fredrikstad, og fekk verva han som medlem:
https://www.facebook.com/noregsmallag/photos/a.10151548579704920.1073741825.113384899919/10155920610489920/?type=3&theater