«Ikkje berre tilfeldig at den einaste nynorskbrukaren i regjeringa er ein kjøtskjerar frå Frp»

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget er henta med velvilje frå bloggen til Ivar Aasen-tunet.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er redaktør i det nynorske leksikonet Allkunne. Foto: Anders Aanes, Nynorsk kultursentrum

Fredag 16. juni fylte landbruks- og matminister Jon Georg Dale 33 år. Han er den første statsråden frå Volda og den einaste nynorskbrukaren i regjeringa. Han er på mange vis i mindretal. Han er aleine representant for dei mellom 500- til 600 000 nynorskbrukarane, og er éin av berre tre statsrådar som har fagbrev som høgaste fullførte utdanning. Den unge mannen, med heile sju års arbeidserfaring frå bransjen han er statsråd for, er dermed éin av svært få i regjeringa som slepp å kalle seg politisk broiler.

Jon Georg Dale er på mange måtar ein typisk nynorskbrukar:

  1. Nynorskbrukarane er i fleirtal i grunnskulen i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland utanom bergensområdet, Ryfylke, Jæren, Setesdal, Nord-Gudbrandsdal, Valdres og Vest-Telemark. Jon Georg Dale er frå Møre og Romsdal.
  2. Det er færre som skriv nynorsk som tek studieførebuande i vidaregåande opplæring enn blant dei som tek yrkesførebuande utdanning, slik Dale har gjort.
  3. Det er også ein noko større del menn som held på målforma si gjennom utdanning og yrkesliv enn kvinner.
  4. Det er større del nynorskbrukarar i primærnæringane, som store delar av landbruks- og matbransjen er ein del av, enn i andre næringar.

Det som gjer han så utypisk, er at han sit ved makta. Det har alltid vore få nynorskbrukarar ved Kongens bord. Likevel er det for tida endå færre enn vanleg som blir refererte på nynorsk i denne regjeringa. Før Erna Solberg utnemnde Jon Georg Dale som landbruks- og matminister, var regjeringa Solberg den første utan ein einaste statsråd som blei referert på nynorsk sidan Gro Harlem Brundtlands andre regjering (1986–1989).

Det er nok ikkje medvite at Solberg ikkje har utnemnd nynorskbrukarar. Fleire i regjeringa er frå kommunar med fleire hundre nynorskelevar, blant anna Solveig Horne, Monica Mæland og statsministeren sjølv.

Olje- og energiminsiter Terje Søviknes (FrP) var som ordførar i heimkommunen sin, Os, talsmann for at elevar i Os burde velje nynorsk som hovudmål. Då skreiv han også ofte nynorsk. Likevel har han ikkje bede om å bli referert på nynorsk på Stortinget.

Sylvi Listhaug, adjunkten frå Sunnmøre, har også forlate nynorsken på vegen mot å bli ein del av makteliten.

Det er synd at vi 500—600 000 nynorskbrukarar ikkje er betre representerte i regjeringa enn med éin einaste statsråd.

Eg håper fleire held på nynorsken sin i framtida. Også når dei får sitje ved Kongens bord.

  • Landbruks- og matministeren svarte slik på innlegget då det blei delt på Facebook: