– Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets nynorskbrukar!

Det melder Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding i dag.

– Ho får prisen for sin ufråvikelege vilje til å gjera nynorsk til eit elegant og velforma bruksspråk på alle delar av kunstfeltet, i Noreg så vel som i andre land, står det i grunngjevinga.

LES OGSÅ: Aukar talet på nynorske lettlestbøker

– Aldri spørsmål om eit val
Vinnaren sjølv er begeistra.

– Dette var svært overraskande, men desto meir varmar det! På mitt fagfelt er det få som brukar nynorsk, men for meg har det aldri vore spørsmål om eit val, seier Veiteberg.

Det er ikkje første gong Veiteberg har fått store utmerkingar. I 2010 fekk ho Norsk Form sin heiderspris for mangeårig og variert verksemd innan kunsthandverk og design.

– Nynorsk er språket eg har vakse opp med og som eg tenkjer best på, held ho fram, og legg til at denne prisen inspirerer til vidare innsats.

LES OGSÅ: Målpris til kjøpesenter i Førde

Kaizers på kunstfeltet
Direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, samanliknar forfattaren og kunsthistorikaren frå Stord med Kaizers Orchestra.

– I alle samanhengarhar årets nynorskbrukar ordlagt seg på nynorsk, også i prestisjetunge publikasjonar utgitt i Tyskland. Kaizers Orchestra song på jærdialekt kvar som helst i inn- og utland. Jorunn Veiteberg er Kaizers på kunstfeltet, seier Grepstad.

Med tittelen Årets nynorskbrukar følgjer også 100.000 kroner, og prisen blir delt ut under opninga av Dei nynorske festspela 25. juni.

LES OGSÅ: Er du årets nynorskbrukar?

Mange kandidatar
I år hadde kåringa av Årets nynorskbrukar ein ny vri. Publikum kunne sjølv foreslå sine kandidatar.

Ifølgje pressemeldinga nytta 44 personar sjansen til å foreslå sine kandidatar.

– Den store interessa syner at prisen er viktig for mange, seier Grepstad.

Faktaboks

Årets nynorskbrukar blir i år kåra for 15. gong av Nynorsk kultursentrum.

Prisen blir rekna som den fremste nynorskprisen og blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryta med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vera nynorskbrukar, eller som skapar allmenn forståing for nynorsk.

Tidlegare vinnarar er mellom andre Odd og Aasmund Nordstoga, Ingvild Bryn, Aril Riise, Kjartan Fløgstad og Side Brok.

Kjelde: Nynorsk kultursentrum/Wikipedia