Tokvam var usikker på om han ville skrive Lothepus-boka

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No kjem endeleg boka om Lothepus

Hovudpersonen sjølv, Leif-Einar Lothe, skildrar boka som «ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane».

Lothepus er kjent frå fleire TV-program, og han stakk av med sigeren i «Farmen kjendis» vinteren 2017 – eit program som vart følgt av dryge millionen. Med cowboyhatt og røyk på plass har han levert sin livsvisdom i beste sendetid – og meiningane om han har vore mange.

  • LES OGSÅ: På jakt etter Lothepus

    Lothepus-boka er skriven av Finn Tokvam, og kjem ut denne månaden på Det norske samlaget. Slik ser omslaget ut.

Mange sider

Finn Tokvam seier til NTB at han ikkje var med på bokplanane med ein gong.

– Eg var usikker på om eg ville ta på meg å skrive boka om Lothepus. Men etter å ha snakka litt med han, var tvilen bytt ut med ønsket om å klare å formidle dei beste historiene frå livet hans. Lothepus er den folk har sett på TV, men han har også mange andre sider, og det håpar eg boka klarer å vise.

Tokvam legg til:

– Det er banning, røyk, alkohol og dynamitt – men det er så mykje meir også. Både sorg, tvil, motgang og alvor.

Eventyr med hest og sjøfly

Lothepus sjølv er fornøgd med valet av forfattar.

– Tokvam var den som kunne få dette i hamn på ein skikkeleg bra måte. Han forstår meg og han forstår Hardanger, seier Lothe.

Ifølgje Samlaget deler den omtalte TV-profilen blant anna historia om då han flykta frå politiet – på hest. Og han fortel om den gongen han var på reinsjakt på vidda – og leigde sjøfly for å kunne gå på pub i Bergen.