«Blir eg 90 og held fram som no, kjem eg til å bruka 17 år på mobilen»
Timane forsvinn i skrolling, distraksjonar og eit ønske om ein pause frå verda, skriv Olivia Beate Holte Ness (17), som samanliknar mobilbruk med rus.
Denne teksta vart framført som ein tale under årets Ta ordet!-finale på Det Vestnorske Teateret 30. november. Teksta var først publisert i Bergens Tidende og er omsett til nynorsk og republisert med løyve frå skribenten.
Rus. Eg reknar med at du har vorte åtvara?
Psykiske problem. Du blir sløv og avhengig. Du bryr deg meir om rusen enn om familie og vener. Rusen tek over livet ditt.
Men det er så herleg når verda forsvinn. Det er berre deg og rusen. Problem blir borte. Du kjedar deg ikkje. Du lid ikkje. Du drøymer deg bort. Og gløymer alt.
Kjenner du deg igjen? Har du rusa deg? Det har i alle fall eg. Foreldra mine gav meg eit rusmiddel då eg var ganske liten.
Eg var ni år. Det var ei julegåve.
Mistar konsentrasjon
Kanskje du også fekk det av foreldra dine. Eller kanskje du har gitt det til barnet ditt. Og me kjem kanskje til å vera avhengige resten av livet. Har du skjønt kva eg snakkar om?
Det ligg nok i lomma di. Kjenner du det vesle suget? Nei då, telefonen er ikkje narkotika. Men det er ein samanheng mellom mobilbruk og angst. Eteforstyrringar og sjølvmordstankar. Konsentrasjonsvanskar, det får me alle.
Men at du bryr deg meir om skjermen enn om dei du er glad i – det nektar du nok for.
Mi eiga skjermtid i går var fire timar og 58 minutt. Førre veke: totalt 36 timar. Tida eg snakka med søskena mine: kanskje to timar. Tida mi forsvinn. Verda forsvinn. Litt etter litt.
Avvist av andre
Byrjar det å bli kjedeleg? Får du ikkje lyst til å sjå om du har fått ei melding? Sende ein snap?

Eg snakkar med nokon, så kjem telefonen fram

Eg kan ikkje konkurrera med mobilen din. Eg må innrømma at eg har kjent meg avvist. Eg snakkar med nokon, så kjem telefonen fram. «Eg skal berre sjekka ein liten ting.» Og eg blir igjen åleine.
Men eg har gjort det sjølv. Blikket glir ned mot skjermen, og personen framfor meg forsvinn.
Men er ikkje skjermen også bra? Me kan snakka med menneske på andre sida av jorda. Me kan få nyheiter frå alle verdshjørne på sekundet. Jo, det er sant. Men la oss vera ærlege: Timane forsvinn i skrolling, distraksjonar og eit ønske om ein pause frå verda.

Så langt har eg brukt halvtanna år på telefonen

For verda kan vera hard. Og vond. Og kjedeleg.
Eg har hatt ordet ganske lenge, men no er eg snart ferdig. Så skal du få sjekka mobilen. Så langt har eg brukt halvtanna år på telefonen.
Tida forsvinn
Blir eg 90 og held fram som no, kjem eg til å bruka 17 år på mobilen. Like lenge som eg har levd til no. Det er jo normalt, alle gjer det.
Det er jo ikkje narkotika. Men tida vår forsvinn. Litt etter litt. Medan me stirer inn i den vesle firkanten. Fire timar og 58 minutt. Kvar dag. Minst.






