Boka om Lothepus toppar bestseljarlista

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Biografien «Går det til helvete, så går det til helvete» om Leif Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, har klatra til førsteplass på bestseljarlista.

Politisk ukorrekt med røyk i kjeften har Lothepus-biografien inntatt førsteplassen på bokhandlernes bestselgerliste. Foto: Samlaget

Den gjekk i si første veke inn på 6.-plass på lista for generell litteratur, men har no danka ut både «Per dør» om og av Per Fugelli og «Naken» av Mamma til Michelle-bloggaren Anna Rasmussen.

Det er forfattar og journalist Finn Tokvam som har skrive boka, som er utgitt på Samlaget.

Han hadde mange samtalar med Lothepus for å finne ut kven «Farmen kjendis»-vinnaren var, og det resulterte i «ei bok med røvarhistorier og private fotografi frå ein sann eventyrar».

– Det er banning, røyk, alkohol og dynamitt, men det er så mykje meir også, har Tokvam tidlegare uttalt om mannen han tok på seg å skildre.