SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 løyvde Stortinget 1,5 milliardar kroner over fire år til 600 nye lærarstillingar på ungdomstrinnet på totalt 166 skular over heile landet.

Tala viser at satsinga ikkje har gitt utslag i betre karakterar for elevar i ungdomsskulen i perioden 2013 til 2016. Dette trass i at dei ekstra lærarkreftene har blitt brukt som føresett og sørgde for at elevane har blitt undervist i mindre grupper enn før.

Betra læringsmiljø

Det er særleg innan matematikk og norsk og til dels engelsk at det har komme til fleire lærarar, men dette gir altså ingen merkbar effekt, viser rapporten «Effekter av satsing på økt lærertetthet på ungdomstrinnet», utarbeidd av SSB, Frischsenteret og Fafo.

SSB-forskar Lars J. Kirkebøen. Foto: SSB

– Vi kan med stor sikkerheit seie at ekstra lærarar ikkje har hatt vesentleg effektar på læringsutbyttet i desse faga. Vi finn heller ikkje teikn til effektar på andre fag, fråvær eller tidlege mål på gjennomstrøyming i vidaregåande. Det er nokre indikasjonar på litt betra læringsmiljø, men ikkje grunnlag for å konkludere sikkert, seier SSB-forskar Lars J. Kirkebøen, som er leiar for evalueringa.

Oppleving av effekt gir ikkje faktisk effekt

Lærarar og rektorar seier i ei spørjeundersøkinga at dei opplever betre arbeidsforhold og eit betre læringsmiljø, og rapporterer om mindre sjukefråvær, men dette er forhold som ligg utanfor mandatet for undersøkinga.

– Vi finn ingen signifikante effektar på karakterar verken ved avslutta grunnskule eller nasjonale prøvar på 9. trinn. Dette tyder på at opplevinga av effekt ikkje gir noko godt mål på faktiske effektar på elevresultata, seier Kirkebøen.

Ifølgje SSB tyder undersøkinga på at dei ekstra lærarkreftene ikkje har ført til at sjølve undervisninga blir lagt om, og peikar på at fleire lærarar i seg sjølv ikkje betyr noka automatisk betring så lenge ein fortset med ordinær tavleundervisning og ikkje prøver seg på nye undervisningsformer.