– Ploglaust jordbruk kan redde planeten
Ny kunnskap snur opp ned på det meste vi veit om livet i jord og mold og landbruk: Vi bør slutte å pløye, skriv professor Dag Jørund Lønning i den nye «Jordboka».
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ein grøn revolusjon. Ved å parkere plogen og slutte å gjødsle, sprøyte og luke i åkrar og kjøkkenhagar kan vi auke matproduksjonen og løyse klimakrisa, meiner Lønning.
– Den nye kunnskapen snur opp ned på det meste vi veit om jord. Vi har misforstått veldig mykje om kva jord faktisk er, og korleis vi best mogleg kan bruke jorda, seier Dag Jørund Lønning, som er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren.
– Molda er det største universet av liv på planeten og heilt avgjerande for alt levande. Vi har ant ei stund at det er der, livet, men kunnskapen om kva molda gjer, den er heilt ny.
Måtte skrive
Ideen til Jordboka fekk Lønning i fjor da han las Havboka av Morten Strøksnes, ei bok om livet i havet. Det er på høg tid at nokon også skriv ei bok om det minst like rike og levande universet i jorda, skreiv han på Framtida.no.
– Den bloggen tok heilt av, og så byrja det å komme spørsmål om når boka kom, kor mykje ho kosta og så vidare. Så da måtte eg berre byrje å skrive da, fortel Lønning.
I boka tar sosialantropologen populærvitskapleg fatt i det store temaet frå mange innfallsvinklar. Han skriv om det kolossale mangfaldet av liv som finst under føtene våre, og om omformingsprosessane som skaper nytt liv av dødt liv.
Den grøne revolusjonen
Boka handlar òg om korleis menneskja forbrukar, utarmar og øydelegg jord med industrijordbruk og nedbygging av matjord, men ikkje minst om det Lønning kallar den grøne revolusjonen: korleis kunnskapen om molda skal kunne gjere landbruket berekraftig og redde planeten.
– Vi menneskje har kontrollert, dominert og øydelagt. Men så dukkar spørsmålet opp: Kvifor veks det så godt der menneske verken har pløgd, gjødsla eller sprøyta? Det veks veldig godt likevel, så naturen må ha sine eigne prosessar, og det er dei prosessane vi no byrjar å lære litt om, seier Lønning.
I USA har Lønning funne nytenkjande bønder som med stort hell driv jordbruk heilt utan å pløye, gjødsle, sprøyte eller luke ugras. Blant dei er familien som driv den vesle garden Singing Frogs Farm i Sebastopol i California, som Lønning kallar «eit naturbasert eventyrland».
LES OGSÅ: Den andre grøne revolusjonen
Enormt produktivt
– Dei er kanskje dei mest produktive bøndene i verda. Dei driv eit småbruk på under 40 mål og produserer grønsaker for 9 millionar kroner og sysselset sju personar på fulltid, fortel han.
– Dei har lært seg å utnytte den nye kunnskapen. Mennesket og molda speler saman med ein vanvitig produktivitet som resultat.
Heime på Jæren har Lønning i liten skala prøvd ut dei nye metodane i eigen åker, der også andre planter enn nyttevekstane får boltre seg.
– Det er ei revolusjonerande oppdaging å sjå at alt plutseleg byrjar å trivast så mykje betre. Plantene liker ikkje å stå for seg sjølve med ein meter til neste plante og naken jord rundt seg.
- LES OGSÅ: Du må vere oppfinnsam som bonde
Får ikkje ugras
– Eg sår inn kløvervekstar og bønnevekstar, som fangar nitrogen frå lufta, og vekstar som hentar nitrogen frå djupare jordlag og fraktar det opp til nytteplantane. Og så er det heile tida grønt og dekt med planter. Da får eg ikkje ugras, fortel Lønning.
Det konvensjonelle jordbruket fører òg til at jorda blir utarma for karbon. Med mindre karbon blir jorda mindre fruktbar, men er samtidig med på å gjere atmosfæren varmare. Levande mold kan vere med på å kjøle planeten vår ned igjen, ifølgje Lønning.
– Landbruksjorda i verda har mista mellom 50 og 70 prosent av karbonet som ein gong var lagra der. Dei nye forsøka viser at bonden fangar karbonet tilbake til jorda med ein enorm produktivitet som resultat. Klimaet vinn, planeten vinn, og bonden vinn, slår han fast.
– Ut av traktoren
Dagens jordbrukspolitikk med satsing på større driftseiningar har han lite til overs for og hevdar at heile tankegangen rundt industrielt jordbruk og stordrift er avleggs og burde skrotast for godt.
– Det å leggje til rette for enda meir stordrift blir heilt meiningslaust i eit bilete som dette. Denne stor-større-størst-tankegangen gjekk eigentleg ut på dato alt på 1990-talet, og i dag ser vi produktivitetsfall i storskalalandbruket. I staden for å vekse utover og leggje under oss meir og meir land, kan vi bli langt flinkare til å gå nedover i molda og få mykje meir ut av dei areala vi allereie har.
– Vi må rett og slett trø ut av traktoren og gå ut i molda igjen, seier Dag Jørund Lønning.
- LES OGSÅ: Tid for Jordboka