Den andre grøne revolusjonen: Menneske og mold først

Dag Jørund Lønning
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den andre grøne revolusjonen

I byrjinga av juni i år var eg i California for å delta på «Seizing an Alternative», verdskongressen for berekraftig framtid. Konferansen samla verdas leiande berekraftstenkjarar for global kunnskapsdeling om både utfordringar og løysingar.

Bakteppet: Fossiløkonomien og klimakrisa
Den verdskjende miljøvernaren Bill McKibben falda ut bakteppet i sitt innleiingsforedrag:

– Me blir stadig fleire menneske på jorda, og alle saman merkar me no effektane av klimaendringane. Sjølv om fattige land i sør er hardast råka, kan heller ikkje det rike nord lenger venda seg bort frå dei gigantiske utfordringane med argumentasjon om at «dette ikkje handlar om oss». I California byrjar det å bli kritisk etter fire år med tørke. Globalt merkar me også effektane av at havet stadig blir surare. Dette påverkar bestanden av småfisk, som igjen påverkar bestandar av større fisk, sjødyr, store fuglebestandar, osv. Bestandar kollapsar rundt oss. Det blir og meir og meir ekstremvêr; styrtregn, flaum, tørke, vind, hete.

Me skulle eigentleg ha handla for 25 år sidan, seier McKibben. Og held me fram med å skyva dei radikale endringane det er behov for framfor oss, vil arva vår til komande generasjonar vera ein nesten uleveleg planet prega av krig, katastrofar, svolt- og flyktningetragediar av enorme dimensjonar:

– Den viktigaste årsaka til den krisa som no omsluttar oss, er «fossiløkonomien». Denne er ikkje berre særs lite berekraftig i økologisk forstand, den er også «fossil» i tydinga ekstremt gamaldags. Ideane, kunnskapen og teknologiane for å kasta fossiløkonomien på historia sin skraphaug er der, og no står kampen for å ta dei i bruk.

Lærerikt, skræmande og oppmuntrande
McKibben vart etterfølgt av rundt rekna 1000 andre forelesarar på 80 ulike konferansearenaer. Sjølv var eg invitert til verdskonferansen for å innleia om lokalsamfunnsutvikling og menneskeleg skaparkraft. Eg deltok på ein sesjon der hovudtemaet var matproduksjon og forholdet vårt til naturressursar.

Dette var både lærerikt, skræmande og oppmuntrande. Lærerikt fordi deltakarane var verdsleiande på sine felt og genuint innstilte på kunnskapsdeling. Skræmande fordi ein fekk ei langt betre forståing av kor omfattande og enorme utfordringane våre er. Oppmuntrande grunna nye idear og kunnskapar som faktisk gir oss von om å kunna svara på desse utfordringane.

Kan fleirårige kornsortar gje ein ny grøn revolusjon?
– Verdslandbruket er i dag ein integrert del av fossiløkonomien. Erosjon og utarming av jordsmonn er resultatet. Me må frigjera oss frå dette utdaterte tankegodset, sa leiar for the Land Institute i Kansas, Wes Jackson (bildet), før han presenterte teknologien som kan gje verda ein ny grøn revolusjon:

The Land Institute sit no med kunnskapen om korleis korn og ris kan omgjerast til fleirårige produksjonar. Instituttet har utvikla sin eigen fleirårige kveite, «Kernza», ein sort som er  tilpassa dyrking i stor skala.

For å illustrera skilnaden til vanleg eittårig kveite, rullar Jackson ut ein plakat i full storleik, om lag 1,5 x 3,5 meter. Så stor må den vera for å få plass til det fleirårige kveitegraset sitt rotsystem. Dimensjonane på dette rotsystemet er enorme. Graset søkjer nesten fire meter ned i jorda etter vatn og næringsstoff. Ved sida av Kernza-planten er det avbilda ein eittårig kveiteplante. Denne blir ekstremt puslete i forhold, med tynne røter som knapt rekkjer eit par-tre desimeter ned i jorda, og difor med eit veldig behov for tilført gjødsel. 

Foto: Jerry Glover/CC-lisens

Illustrasjonen vitnar om dei enorme positive konsekvensane denne nye kunnskapen kan få for verdas bønder og matproduksjon:

For det første, store kostnadsreduksjonar gjennom eit svært redusert behov for gjødsel og jordbearbeiding. Landinstituttet er no inne i ei vidareutvikling dei kallar «fleirårig polykultur», der m.a. nitrogenfikserande vekster blir nytta som næringsgivarar til kveitegraset. Resultata er særs lovande og avlingane gode. Graset i seg sjølv tek opp mykje gjennom det store rotsystemet, og nitrogenfikserande vekster dekker inn tilleggsbehovet.

Den andre store positive konsekvensen handlar om forvalting av ei av verda sine viktigaste ressursar, matjorda. Der eittårige monokulturar fører til at åker ligg brakk store delar av året, og difor direkte utsett for vind og vær, gjev fleirårige polykulturar eit permanent jorddekke.  Slik kan jorderosjon og utskylling av matjord, 25 000 millionar tonn pr år i følgje FAO![1], kraftig reduserast.  

Bodskapen frå verdskongressen er difor: «100% jorddekke, 100% av tida.» Krevjande, kanskje, men heilt nødvendig.

Frå haustinga til The Land Institute. Foto: Scott Bontz/CC BY 3.0-lisens

Mold og jordvern
Mold fekk i det heile mykje merksemd under konferansen. Med utarming av molda, øydelegg me vårt eige ressursgrunnlag. Den gode matjorda er resultat av tidlegare og pågåande biologiske prosessar. Den er i seg sjølv rik på næring. Eit landbruk utan fokus på å vedlikehalda og støtta opp om dei naturlege prosessane i jorda, er starten på ein negativ spiral.  Jord blir reint vekstmedium utan eigenverdi. Overforbruk av kjemiske innsatsmidlar er med og akselererer den negative spiralen. Etter kvart som jorda sin naturlege økologiske fruktbarheit blir redusert, må kjemiske innsatsmidlar aukast tilsvarande. 

Eit tydeleg bodskap frå verdskongressen er såleis følgjande: framtidslandbruket må setja mold øvst. Fokuset må flyttast attende til å støtta opp under dei mangfaldige biologiske prosessane som saman skaper det rike jordsmonnet.

Det vart veldig klart for meg under konferansen at vårt norske jordvernomgrep er for snevert og for lite presist i forhold til berekraftsmål. Der me hos oss snakkar om utbyggingar og grenser (og dermed i praksis overlét jordvernet til arealplanleggaren), handlar jordvern på verdsbasis om vern av den gode matjorda. Det er dermed knytt eit kvalitetskriterium til omgrepet. Då blir det noko meiningslaust å trekkja ei grense på eit kart og seia at me kan byggja på den eine men ikkje den andre. I staden må ein gå inn i kvar enkelt arealsak og sørgja for at den rike matjorda (molda) blir verna for framtida. I den grad det i det heile må byggjast andre stader enn på fjell, må ein sørga for at dette skjer på areal som har mindre eller liten verdi som matjord.

Dei «ulemper» dette eventuelt vil gje arealplanleggaren, er uhyre små i forhold til dei ulempene nedbygging av den kvalitativt gode matjorda vil medføra for komande generasjonar.

Ei slik kvalitetstilnærming til jordvern handlar sjølvsagt også om forvalting, og difor om bonden si rolle. Det gjev lite meining med arealvern dersom ikkje landbruksareal blir forvalta på ein berekraftig måte. Driftsformer som opnar for erosjon og avrenning i stort omfang, eller som reduserer kvaliteten på matjorda på andre måtar, er rett og slett elendig jordvern. Her handlar det difor om å omfamna, og så snart som råd ta i bruk, den nye kunnskapen om fleirårige polykulturar tilpassa kravet til storskala matproduksjon. Både som arealeigarar og som fellesskap må me ta ansvar og leggja til rette for at den gode molda også er tilgjengeleg for våre etterkomarar.

LES OGSÅ:Berekraft kan ikkje vedtakast

Menneske i sentrum
Dei kvalitative omleggingar me snakkar om her, vil aldri lukkast utan ei tilsvarande omlegging i måten me oppfattar mennesket si rolle i landbruket. Framfor å vera redusert til teknologi og automatiserte prosessar, må landbruk attskapast som «spennande», «lærerikt», «interessant». Dette handlar likevel ikkje om teknologi i seg sjølv, men om kor vidt me definerer landbruk gjennom omgrep som skaper avstand eller nærleik i forhold til menneskelege behov, aspirasjonar og draumar.

Dette var fokuset i mitt innlegg, og det var betydeleg interesse for arbeidet eg og HLB gjer og har gjort i Noreg og andre land i Europa rundt dei grunnleggjande føresetnadene for at menneske skal stå fram som kreative og skapande. Mennesket må tilbake i sentrum. Då må me fokusera på trivsel, kreativitet, kunnskap, på det viktige i å vera del av eit lokalsamfunn, på samarbeid, på spenning, leik, utforsking og læringslyst.

Eit reint marknadsspråk om «produsentar» og «forbrukarar» sidestiller det å dyrka mat med masseproduksjon av suvenirar i plast. «Forbrukaren» er her ein rein «konsument» utan ansvar. Med å fremja denne typen språk gjer me som er knytte til landbruket oss sjølve ei gigantisk bjørneteneste.

I staden treng me nye omgrep og tilnærmingar som får fram vårt felles ansvar, – uavhengig av om me dyrkar og/eller et maten – lokalt, nasjonalt og globalt, for matjord, matsikkerheit og for å utvikla dyrkingsformer som ikkje utarmar jorda ytterlegare for komande generasjonar.

Tek kvar og ein sin vesle..
Berekraft er i seg sjølv samansett. Økologisk berekraft er avhengig av sosial og kulturell berekraft. Økonomisk berekraft er avhengig av alle dei andre. Me menneske – kvar og ein av oss – må ta eigarskap til berekraftsomgrepet og gjera det til del av vår kvardag, til del av det me er interesserte i og brenn for. Så lenge enkeltmennesket oppfattar berekraftig utvikling som noko eksperten og/eller politikaren driv med, er me garanterte å mislukkast.

Dette var kanskje den viktigaste bodskapen frå verdskongressen i California: me har kunnskapen, me har verktøya. No handlar det om global ansvarsdeling, om at me alle finn vår rolle og oppgåve i den store snuoperasjon me som planet står overfor. Slik sett kan me summera opp med Jæren og Noreg sin store diktar, Arne Garborg: Tek kvar og ein sin vesle stein, vert snart vår åker rein.