Ny klimaforsking: Det er framleis mogleg å nå 1,5-gradersmålet

– Det er berre veldig, veldig vanskeleg.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å nå målet i Paris-avtalen om å avgrensa den globale oppvarminga til 1,5 grader er ikkje umogleg – det er berre veldig, veldig vanskeleg, seier klimaforskar Richard Millar ved Universitetet i Oxford til Nature.

Millar er hovudforfattar av ein ny rapport som gir menneskeheita litt betre tid på å unngå dei verste klimaendringane. Forskarane meiner nemleg å ha funne ut at FNs klimapanel (IPCC) har overvurdert kor mykje oppvarming som allereie har funne stad.

Ein ny analyse med oppdaterte data viser at me kan sleppa ut opptil tre gonger så mykje CO2 som det klimapanelet rekna med før me når 1,5 graders oppvarming.

Paris-målet

1,5-gradersmålet blei vedtatt i Paris-avtalen i desember 2015 etter press frå øystatar i Stillehavet, som rett og slett kan bli slukt av havet om den globale middeltemperaturen stig over dette nivået. Det var ei innskjerping av det tidlegare 2-gradersmålet.

Ei global oppvarming på over 1,5 grader vil mellom anna kunna føra til at alle dei tropiske korallreva i verda blir permanent øydelagte. Det vil også gi vesentleg større risiko for ekstremvêr, tørke og havstiging enn om ein klarer å stansa oppvarminga på 1,5 grader, ifølgje Climate Analytics (pdf).

Til no har mange likevel trudd at 1,5-gradersmålet ville vera praktisk uoppnåeleg innan berre nokre få år. Så seint som i august omtalte Framtida.no ein rapport som konkluderte med at det er for seint å stansa oppvarminga utan drastisk «klimafiksing».

Framleis håp

Om den nye analysen til Richard Millar & co stemmer, er det framleis håp om at me kan nå målet i Paris-avtalen – men det krev styrka politisk handling, understrekar forskarane.

– For mange ville det truleg vore enklare om Paris-målet verkeleg var umogleg å nå. Me viser at det framleis er oppnåeleg. Men det verkelege spørsmålet er om me kan skapa den politiske handlekrafta som faktisk er naudsynt for at desse scenarioa skal bli verkelege, seier Millar, og peikar på at klimamåla både må strammast til og oppfyllast i praksis.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) er ein av dei som meiner dei nye forskingsresultata gir grunn til optimisme i ei tid då ekstremvêr pregar nyhendebiletet: