Langt frå målet om kutt på 1,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar per år fram til 2020.

Svein Olav Langåker og Åsmund H. Eikenes
Svein Olav Langåker og Åsmund H. Eikenes
Faktaboks

Klimautslepp i millionar tonn CO2-ekvivalentar

1990 – 51,7

2000 – 54,6

2012 – 53,8

2013 – 53,5

2014 – 53,3

2015 – 53,9

2016 – 53,4

Kjelde: SSB

LES FAKTALUKK FAKTA

Norske klimagassutslepp var i fjor totalt 53,4 millionar tonn CO2-ekvivalentar, viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Endringa frå 2015 til 2016 er ein reduksjon på 0,5 millionar tonn, litt under 1 prosent. Det betyr at klimautsleppa for 2016 er tilbake på same nivå som for 2014 (sjå faktaboks for endringar sidan 1990).

Den viktigaste årsaka til endringa er redusert bruk av fossile brensel til vegtrafikk og olje- og gassutvinning, ifølgje SSB

3,2 prosent over 1990
Regjeringa sitt talfesta mål for klimautslepp i 2020 er 48,6 millionar tonn CO2. For å nå dette målet på fire år, må det kuttast 1,2 millionar tonn klimagassar kvart år.

Ifølgje lovforslaget frå regjeringa skal Noreg kutta sine klimagassutslepp med minst 40 prosent i 2030 samanlikna med 1990 (då utsleppa var 51,7 millionar tonn CO2-ekvivalentar).

Utsleppa i 2016 ligg 3,2 prosent over utsleppa i 1990.

Klimalova skal behandlast i Stortinget 2. juni 2017.

LES OGSÅ: Slik blir du klar for klimadebatt


Oppdatert: tysdag 29. august 2017 15.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE