Ordbok-app gir definisjonar på bokmål og nynorsk

Har du ei gammal lefse av ei ordbok, kan ho få kvile no. Ein app gir deg moglegheit til å søkje i både Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rett nok har mange allereie nytta seg av moglegheita til å søkje elektronisk etter skrivemåtar og definisjonar via nettutgåva av dei to bøkene. Med appen Ordbøkene blir det endå enklare – med mobil og nettbrett innan rekkevidde i dei fleste situasjonar.

– Utvikling av appen er eit viktig steg i ei modernisering og tilgjengeleggjering av dei digitale delane av nettordbøkene, seier IT-direktør ved Universitetet i Bergen, Tore Burheim.

LES OGSÅ: Populære norske ordbøker i fare

Modernisering

Etter at Universitetet i Bergen tok over ansvaret for språksamlingane, var første steg å få ei forsvarleg driftsplattform, medan appen er andre steg, forklarer han.

– No startar arbeidet med ei meir grunnleggjande modernisering.

Bokmåls- og Nynorskordboka er svært populære. Hittil i år er det søkt meir enn 19,6 millionar gonger i ordbøkene.

Ordbøkene vert kontinuerleg oppdaterte med gjeldande rettskriving. Når ein slår opp på eit ord, finn ein definisjonar, brukseksempel, bøyingsopplysningar og informasjon om opphavet til orda.

LES OGSÅ: Snart ingen grunnar til å skrive feil

Tilgjengeleg i heile verda

– Det er avgjerande viktig for oss at informasjon om godt og korrekt norsk er enkelt tilgjengeleg for alle brukarar av norsk i Noreg og elles i verda. Når ordbøkene no kjem på fleire plattformer, kan vi nå endå fleire brukarar, seier språkdirektør Åse Wetås.

Dei to ordbøkene, som er eigde og vert utvikla av Universitetet i Bergen og Språkrådet i fellesskap, er opne og tilgjengelege for alle. Dei kom ut første gong i 1986.

Bokmålsordboka har rundt lag 65.000 oppslagsord, medan Nynorskordboka har 90.000.

LES OGSÅ: Nyord engasjerar i Norden