No er det snart ingen grunnar igjen til å skrive feil

Martin Årseth
Publisert
Oppdatert 13.07.2017 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Éin grunn mindre til å skrive feil

Ein mamelukk er frå gamalt av namnet på slavesoldatar i Egypt. Ordet kjem frå arabisk der det tyder «slave», men har kome til norsk gjennom tysk og italiensk. No vert det òg bruka om ei vid underbukse med blonder nedanfor skjørtekanten.

Instituttleiar Johan Myking har sjekka ordet mamelukk i den nye appen. Foto: Universitetet i Bergen.

Dette kan ein lese i nynorskordboka og bokmålsordboka, som no er tilgjengelege på som mobilapp, i samarbeid med Språkrådet. Og det var det første ordet Johan Myking søkte på då han prøvde den nye appen.

Som leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen, er Myking ansvarleg for språksamlingane som dei tok over frå Universitetet i Oslo.

– Me håpar appen gjer at fleire brukar ordboka. Men språket er det same, forsikrar han.

– Kjem folk til å skrive meir rett no?

– Det er umogleg å seie om folk kjem til å skrive meir rett, men det skal ikkje stå på at dei ikkje har ordbøker å støtte seg på.

1600 sykkelstyre i Bejing

No i vår har ordbøkene hatt rekordhøge besøk, og dei er mykje brukt blant studentar og skuleelevar, ifølgje besøkstala til ordbøkene. Spesielt høgt er det under eksamen.

Fram til klokka 14 på eksamensdagen i norsk var det til saman 359 477 oppslag i ordbøkene. Ordet «sykkelstyre» vart åleine slått opp 1600 gongar i løpet av eksamenen.

Normalt har ordbøkene mellom tre og fem millionar oppslag i månaden.

– Me ser at om lag éin tredel av alle som brukar ordbøkene på nett, brukar dei frå mobilen. Det er litt av bakgrunnen for at me kjem med denne appen, fortel overingeniør i it-avdelinga ved UiB, Hallstein Mjelde.

Ikkje gløymt nokon

Appen er no sleppt som betaversjon, og vert skikkeleg lansert med forbetringar i august.

– No ønskjer me litt roleg bruk, og at tilbakemeldingar frå brukarane. Kva dei synest, og kva forbetringar dei etterlyser, fortel Mjelde.

Myking strekar under at dei ikkje har gløymt nokon, sjølv om dei har prioritert ordbøkene.

– Me fekk eit godt råd om å prioritere ordbøkene. Det er dei som har flest brukarar og som gjev oss flest vener. Sjølve samlingane er på veg inn i fjellhallar, og vert tilgjengelege til forskingsføremål, fortel han.

Vidare er planen å digitalisere dei første bokstavane i Norsk ordbok, der berre bokstavane frå I er tilgjengelege på nett. Men då treng dei støtte på statsbudsjettet.

Appen er gratis, fungerer på nynorsk, bokmål og engelsk. Han kan jamvel brukast utan internett. Og ordet mamelukk er kvalitetssjekka. Du kan laste han ned til Iphone her, og til Android her.