17.600 elevar gjekk glipp av stipend
Kvar elev kan få opp til 3666 kroner i utstyrsstipend.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle elevar med rett til tre års vidaregåande opplæring, får utstyrsstipend viss dei søkjer på det.
For å få utstyrsstipendet må du senda inn ein søknad.
17.200 elevar valde å ikkje å søkja om slikt stipend i førre skuleår, og gjekk glipp av pengane dei kunne få, ifølgje Pengenytt.
Til saman gjekk elevane glipp av over 17 millionar kroner.
LES OGSÅ: Banksjef ber folk tømme sparekontoane
Digital postkasse er raskare og billegare
Elevar under 18 år må ha signatur fra éin av foreldra for å få utbetalt stipendet. Frå i år kan signeringa skje digitalt. Foreldre som har digital postkasse, Digipost eller e-Boks, får svar på søknaden om stipend og signerer avtalen om støtte digitalt.
– Viss foreldra opprettar digital postkasse før eleven søkjer om stipend, kan dei signera for stipendet med BankID. Det er både raskare og billegare, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen i ei pressemelding.
Digital postkasse opprettar du enkelt på norge.no.
Ver sikker før du sender inn søknaden
Elevar som står på venteliste, eller er usikre på om dei skal byta skule eller program, bør venta med å søkja om stipend til dei er sikre.
– Då slepp dei å søkja på nytt når dei har bestemt seg, påpeikar Herstad.
Satsar for utstyrsstipend skuleåret 2016/17:
Kjelde: Lånekassen