Forskarar: Frileik best for språklæringa til små barn

Den beste språkstimuleringa for barn mellom eitt og tre år kjem gjennom fri leik, meiner nokre av dei fremste barnehageforskarane i landet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frileik best for språklæringa

Forskarane har undersøkt 206 småbarnsavdelingar i 93 barnehagar landet over, og konklusjonen er klar: Dei minste barna lærer meir språk ved å byggje ein snømann og snakke om det, enn i meir vaksenstyrt språkopplæring.

– Når vi går inn og analyserer kvar enkelt kvardagsaktivitet i barnehagane for seg, ser vi at språkstimuleringa kjem tydlegast fram gjennom fri leik. Leik der barna får vere spontane, umiddelbare og bruke nysgjerrigheita sin i god samhandling med vaksne. Det er desse settingane som løfter språkutviklinga på ein naturleg måte, seier Elisabeth Bjørnestad, førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo og Akershus, til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Eittåringane er nøkkelen

Saman med forskar Ellen Os har ho leidd arbeidet med kvalitetsstudia «Gode barnehagar for barn i Norge» og «Blikk for barn». Forskarane er samde om at formell språkopplæring, testing og språkstimulering ikkje bør overskygge språkopplæring gjennom fri leik.

– Dei lærer omgrep som hjelper dei å uttrykkje seg og seie kva dei sjølv ønsker, tenkjer og føler overfor andre. I tillegg til språkutvikling bidrar dette også til sosial kompetanse, seier Bjørnestad.

Ifølgje forskarane er barn mellom eitt og tre år ei gruppe som tidlegare er blitt gitt lite sjølvstendig merksemd, og som vi veit lite om. Eitt- til treåringar utgjer 35 prosent av alle barnehagebarn i Noreg. (©NPK)

LES OGSÅ: Førskulegutar har oftare språkvanskar