Førskulegutar har oftare språkvanskar

Gutar har større risiko for å bli liggjande etter i språkutviklinga enn jenter, viser ein ny studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse har oftare språkvanskar

Forskarane har også funne samanhengar mellom lese- og skrivevanskar i familien og forseinka språkutvikling.

Tek att forspranget
Forskarane, som har nytta data frå den norske mor-og-barn-undersøkinga, har undersøkt språkutviklinga til barn når dei er tre år og fem år, og der fann dei at gutane er i fleirtal enten språkvanskane er mellombels eller meir varige.

For mange av gutane er likevel språkvanskane forbigåande og dei tar igjen det tapte før dei når skulealderen. Problemgruppene er dei som held fram med å liggje etter, og dei som startar med ei meir normal utvikling, men som seinare blir hengjande etter.

LES OGSÅ: Forskar på dei minste

Både arv og miljø
Ein av forskarane bak studien, seniorforskar Eivind Ystrøm ved Folkehelseinstituttet, seier at kjønn ikkje har noko å seie for den gruppa som blir hengjande etter først etter at dei har fylt tre år.

– Lese- og skrivevanskar i familien er den dominerande risikofaktoren for dei språkvanskane som startar seint. Vi ser ikkje språkproblema når barnet er mellom eitt og eit halvt og tre år, dei ligg latente, seier Ystrøm.

Forskarane trur både arv og miljø kan vere årsaker til den forseinka språkutviklinga. Tidlegare forsking har vist samanhengar mellom førekomsten av testosteron i fostervatnet og utvikling av autisme og språkvanskar.

LES OGSÅ: Flinkare på skulen med nynorsk

– Ver årvaken
Ystrøm trur det er om å gjere å fange opp dei barna som har ei forseinka språkutvikling så tidleg som råd. Mykje kan gjerast om foreldre, helsetenesta og barnehagetilsette er merksame på språkutviklinga til barna og skaper eit utviklande språkmiljø og i somme tilfelle meir tilpassa tiltak, meiner han.

– Fagfolk og omsorgspersonar må vere årvakne. Det er vanskelegare å oppdage språkvanskar når barna blir eldre og språket blir meir komplekst. Dei må få opplæring slik at dei blir trygge på korleis dei skal avdekkje språkvanskar, og korleis dei skal stimulere språkutviklinga til barna, seier Ystad.

Folkehelseinstituttet har samarbeidd om studien med forskarar ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Melbourne.