NHO-sjefen ber foreldre ta matteansvar
Årets tiandeklassingar leverte dei svakaste matteresultata nokon gong. NHO-sjef Kristin Skogen Lund meiner å spore dårlege haldningar hos fleire enn elevane sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NHO-sjefen ber foreldre ta ansvar
– Vi har eit stort haldningsproblem når det gjeld matematikk. Det er ikkje særnorsk, men meir av eit velstandsfenomen. Interessa for realfag er lågare i land med høg økonomisk utvikling, seier ho til NTB.
Ho viser blant anna til funn frå det internasjonale forskingsprosjektet ROSE som seier at norske elevar også i mindre grad enn elevar i andre OECD-land ser verdien av realfag.
LES OGSÅ: Nesten ingen klarar denne oppgåva
Foreldreansvar
NHO-sjefen maner norske foreldre til å ta større ansvar for læringa til barna og i tillegg jobbe med eigne haldningar til matematikk.
– Elevane blir sjølvsagt prega av haldningane som møter dei heime. Foreldre som sjølv synest matte er vanskeleg, må ikkje snakke faget ned. Matte er det viktigaste faget i skulen ved sida av norsk, seier ho.
Skiftande regjeringar har alle fokusert på kor viktig det er å heve mattekunnskapane i skulen. NHO har sjølv i mange år sett seg føre å heve statusen til realfaga.
– Intensjonane har vore gode, men vi har ikkje lykkast, medgir Skogen Lund.
LES OGSÅ: Lærarstudentar må ha minst 4 i matte
Lærarkrav
Avgangselevane i 10. klasse har aldri gått ut med ein dårlegare snittkarakter i matematikk enn denne våren, viser tal som Utdanningsdirektoratet la fram tidlegare denne månaden.
– Den låge mattekunnskapen vil påverke søkinga til teknologifag. Det er problematisk fordi vi i åra framover er heilt avhengige av denne kunnskapen, seier NHO-sjefen, som meiner det er heilt nødvendig å heve mattekompetansen blant lærarane.
– Det er bra at det no vert stilt krav om 4 i matematikk for opptak til lærarutdanninga. Matteundervisninga må krydrast med praktiske eksempel, og teknologiske hjelpemiddel bør takast i bruk i større grad, seier ho.
LES OGSÅ: Lærarane blir ikkje betre av høge karakterar
Singapore-modellen
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) erkjenner at realfagsundervisninga må bli betre. Over sommaren legg han fram realfagsstrategien til regjeringa – den fjerde i sitt slag sida 2002.
– For mange elevar blir sitjande for seg sjølv og løyse oppgåver. For mange klassar hastar gjennom pensum utan tid til fordjuping og utan at læraren sikrar at alle heng med. For mange elevar får ikkje ekstra støtte viss dei blir hengande etter, sa Isaksen til NTB tidlegare i sommar.
Han meiner norske realfagslærarar kan ha noko å lære av sine kollegaer i Singapore, der elevane for eksempel blir introduserte for algebra allereie på dei første trinna.
– Det gir stoffet tid til å modne hos elevane. Metodane gir dei også ei langt djupare forståing av algebra enn berre å lære seg formlane, meiner statsråden. (©NPK)