NHO klagar reklameforbod for usunn mat og drikke inn til Esa
Dei meiner det bryt med EØS-avtalen.
NHO Mat og Drikke klagar reklameforbodet til regjeringa for usunn mat og drikke inn for Esa, fordi dei meiner det bryt med EØS-avtalen.
Forskrifta som får verknad seinare denne månaden, forbyr marknadsføring av produkt som godteri, brus, is og energidrikk retta mot personar under 18 år.
– Den går for langt og er ikkje forholdsmessig, samtidig som ho har uklare reglar kombinert med strenge sanksjonar, seier direktør Petter Haas Brubakk i NHO Mat og Drikke til E24.
Han kallar 18-årsgrensa ulogisk.
– Du kan be foreldra dine gå ut av legekontoret når du er 16, men skal ikkje få sjå reklame for sukkerfri saft.
NHO peikar vidare på at regelverket er uklart og viser til at Helsedirektoratet måtte lage ein 40 siders rettleiar.
– Når det er straffansvar etter EMK, då er det særskilde krav til høgt presisjonsnivå i regelverket. Men dette regelverket er høgst uklart på ei rekke område, seier Brubakk.
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) seier i ein kommentar at bedriftene får to år på å tilpasse seg, og at det framleis skal vere lov å sponse idrett, kultur og frivilligheit.
Eftas overvakingsorgan Esa er eit uavhengig organ som passar på at dei tre EØS-landa som ikkje er med i EU, Noreg, Island og Liechtenstein, ikkje bryt med reglane i EØS-avtalen.






