Lærarane blir ikkje betre av høge karakterar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje betre av høge karakterar

Høgskulen i Oslo og Akershus, via Forskning.no, skriv at høgare karakterar ikkje nødvendigvis gir betre lærarar.

Som ein del av Lærarløftet, regjeringa sin kampanje for å få fleire og betre lærarar i norske skular, er det mellom anna lagt fram eit ønskje om å auka karakterkravet i matematikk for lærarstudentar til fire. På sikt vil dei gjera det same i norsk.

Sidan liknande tiltak vart gjort i 2005 – den gong vart poenggrensa auka til 35, og minstekravet for norsk og matte vart karakteren tre – har forskarane undersøkt effekten.

Den har vore liten.

LES OGSÅ: Slaktar karakterkravet til regjeringa

– Karakterkravet frå 2005 ga ingen fleire søkjarar i dei beste karaktergruppene. Lærarutdanninga klarte altså ikkje å rekruttera fleire av dei med høgt karaktersnitt frå vidaregåande, seier Mari Lande With, stipendiat ved Senter for profesjonsstudiar  på HiOA, til HiOA sine sider. Ho forskar på rekruttering til læraryrket.

Men heilt håplaust var ikkje innføringa av strengare karakterkrav. Det luka ut dei aller svakaste søkarane, og fekk ned fråfallet frå lærarstudiet.

– Det ser altså ut til at karakterkrav kan bidra til at det blir utdanna noko færre fagleg svake lærarar, seier With.

Slik har det også økonomisk vinst – studiestadene brukar ikkje pengar på studentar som ikkje gjennomfører. Færre svake studentar skapar også eit betre læringsmiljø.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsktiltak i lærarutdanninga

Men nokre positive sider ved auka karakterkrav er ikkje nok for With – ho meiner saka handlar om ei avveging: Skal me rekruttera mange nok eller flinke nok lærarar?

Med strengare krav kan færre bli lærarar, og det kan bli problematisk når Statistisk Sentralbyrå (SSB) reknar med eit underskot på 38.000 lærarar i den norske skulen i 2038.

Kor viktig karakterane frå vidaregåande er for å bli ein god lærar, er også eit omstridd tema.

– Det er usemje om kor viktig det er å vera god på skulen for å bli ein god lærar. Eg trur det å vera fagleg sterk er éin viktig eigenskap for lærarar. Det er ikkje nødvendigvis ein motsetnad mellom å vera fagleg sterk og flink med elevar, seier With.

LES OGSÅ: Rekordmange lærarar har søkt om etterutdanning