Alle elevar i vidaregåande får utstyrsstipend

No skal også dei som kombinerer skule med læretid i bedrift få stipend til utstyr og pc.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Alle elevar skal ha lik tilgang til vidaregåande opplæring, uavhengig av økonomi, uttalar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

På elevtinget i mars spurde Emil Strokkenes (17) kunnskapsministeren om kvifor han ikkje får utstyrsstipend. Han er vidaregåandeelev og lærling i fiskeoppdrett, men måtte mellom anna betale for sin eigen skule-pc, skriv VG.

Fram til no har nemleg ikkje unge som er elev og lærling på same tid fått utstyrsstipend.

No snur regjeringa.

– Lånekassen skal gi utstyrsstipend til utstyr og pc som elevane treng for å gjennomføre vidaregåande opplæring. Det gjeld òg når elevane kombinerer skule og læretid i bedrift og har teikna lærekontrakt, slår Nordtun fast.

Allereie frå dette skuleåret får alle elevar i vidaregåande opplæring stipend til å dekke skule-pc og anna utstyr. Endringa gjer at om lag 3000 fleire elevar får stipend, opplyser Kunnskapsdepartementet.

– Eg synest verkeleg det er bra at politikarar med makt får gjort noko med det eg tok opp på elevtinget. Litt artig at det eg sa på scena no blir til stipend for fleire tusen elevar, seier Strokkenes til VG.