Nynorsk på storskjerm i Oslo: – Fint med nynorsk i bybiletet
I år blir nynorskveka markert med nynorsk på informasjonstavler i fleire av Noregs største byar.
– Det er fint med nynorsk i bybiletet. Dette er jo hovudstaden, så det er bra at begge målformer blir representerte, seier Vemund Holt Oseland (18).
Han er med i Katta Målungdom ved Oslo katedralskule, og møter Framtida.no på Oslo Sentralstasjon fredag 8. mai.
Travle reisande la kanskje ikkje merke til noko annleis på sentralstasjonen om morgonen. Dei med eit observant blikk kunne derimot sjå at mykje av teksten på dei store tavlene inne på stasjonen var blitt omsett til nynorsk.
Kva er nynorskdagen?
Nynorskveka er ei nasjonal markeringsveke for nynorsk.
Ho startar 6. mai fordi Stortinget vedtok Grunnlova på nynorsk 6. mai 2014.
Nynorskdagen er 12. mai fordi Stortinget 12. mai 1885 vedtok å jamstilla «det norske Folkesprog» med «det almindelige Skrift- og Bogsprog», det som i dag er skriftspråka nynorsk og bokmål.
Blant anna sto det «avgangar» og tavla oppfordra til å sjå på skjermen på stasjonen slik at du kjem deg «snøggare til vogna».
– Ingen av dei eg har snakka med har reagert eller lagt merke til at det er nynorsk på hovudtavlene, fortel Oseland.
Nynorskveke
Nynorskveka er 6.–12. mai, og blir avslutta på sjølvaste nynorskdagen. I år blir veka markert med nynorsk på Bane NOR sine informasjonstavler i fleire av Noregs største byar.
Ved tidlegare markeringar av nynorskdagen har både Vipps og Ruter lansert tenestene sine på nynorsk.
Oseland meiner at når nynorsken blir brukt på denne måten, blir språket ein del av byen. Det er god representasjon som gjer at fleire blir vande til å lese nynorsk.
Bytte målform
Oseland er frå Oslo og begynte ikkje å skrive nynorsk før han starta på Oslo katedralskole (Katta). Det var miljøet kring han som inspirerte til å byte målform.
– Eg har alltid vore glad i å skrive og i språk. Jo lengre eg var i målmiljøet på Katta, jo meir innsåg eg kor viktig det er å halde liv i nynorsken, seier Oseland.
Han fortel vidare at bokmål er hovudmålforma på skulen, og at han skriv bokmål om han må. Aller helst skriv han nynorsk.
Då Oseland valde å byte målform, fekk han fleire reaksjonar frå venner og familie.
– Det er kanskje litt rart at ein person frå Oslo bytte målform, men eg har familie frå stadar der dei bruker nynorsk, fortel han.
– Har du tenkt å halde på nynorsken i framtida òg?
– Ja, det tenkjer eg.
Passar til meir enn gamle dikt
– Noko av det viktigaste med å få nynorsken ut i byane handlar om å få det vekk frå skulebenken og gamle dokument. Nynorsk passar ikkje berre inn i gamle dikt.
Det seier leiar i Norsk Målungdom, Sebastian Natvik (22), på telefon til Framtida.no.
Han meiner det er viktig at nynorsken får plass på flater der folk ser han kvar einaste dag. Det skal vere eit bruksspråk som fungerer i tekniske system og på informasjonstavler.
– Nynorsk har eit rykte på seg for å vere eit bygdespråk, men det høyrer like mykje heime i bybiletet som alle andre plassar. Me er mange som bruker nynorsk i byane òg.
Ei leikande markering
Bane NOR ønskte å markere nynorskveka på ein enkel og synleg måte for dei reisande.
– Nynorsk er ein viktig del av språkmangfaldet vårt, og då er det kjekt å kunne synleggjere det i kvardagen, skriv leiar for kundeinformasjon i Bane NOR Jorunn Osaland i ein e-post til Framtida.no.
Ho fortel at løysingar for tekst på tavlene er fleksible. Difor var det lett å gjere om teksten til nynorsk.
– Vi såg på det som ei fin og litt leikande markering, på same vis som når vi løftar fram andre merkedagar. Målet har først og fremst vore å skape eit smil og litt merksemd rundt nynorsk i det daglege.
Osaland kan fortelje at dei ikkje har fått direkte tilbakemeldingar om bruken av nynorsk frå kundar, men at dei har sett at det har vore reaksjonar på det i sosiale medium.
– Det tek vi som eit teikn på at folk legg merke til endringa, og det set vi pris på, seier ho.










