EU har endeleg frigjort eit lån på 90 milliardar euro til Ukraina, skriv VG. Lånet vart godkjent i desember, men har sidan då blitt blokkert av Ungarn. Saman med Slovakia er Ungarn eitt av to land som har hatt unnatak for å importere olje frå Russland, trass i sanksjonar frå EU.
Likevel har det ikkje blitt eksportert særleg mykje russisk olje til desse landa gjennom den såkalla Druzjbarøyrleidningen, som går gjennom Ukraina før han når Ungarn og Slovakia. Onsdag byrja det å kome olje att, og som følgje av det, stansa Ungarn blokkeringa av lånet, ifølgje Reuters.
I tillegg har EU vedteke den 20. pakka med sanksjonar mot Russland.
Ungarn valde ny president for to veker sidan, Péter Magyar, som er meir venleg til EU og Ukraina-støtte enn motstandaren Viktor Orban.
Volodymyr Zelensky under ein pressekonfranse etter NB8-møtet i Mariinskyi palasset. | Foto: Javad Parsa / NTB
Venstre-populistisk valsiger i Bulgaria
Det venstre-populistiske partiet Progressive Bulgaria (PB) har sikra seg 135 av 240 sete i parlamentet etter sundagens val.
Partileiar Rumen Radev trekte seg som president i januar etter ni år for å starte PB-rørsla og kunne bli statsminister. Kampsakene hans har dreidd seg mest om innanriks-saker: Kamp mot korrupsjon og å få ei stabil regjering på beina, etter mange år med ustabil styring.
Radev vert rekna som noko Russland-venleg, skriv BBC. Han har kritisert EU sine sanksjonar mot Putin, har tala for konstruktiv dialog med Kreml og står imot bulgarsk militærhjelp til Ukraina.
Likevel vil han truleg ikkje hindre EUs støtte til Ukraina, spår den bulgarske sikkerheitsanalytikaren Philip Gounev, som er tidlegare vise-innanriksminister i landet. Han trur Radev vil vere pragmatisk, og påpeiker at ikkje alle støttespelarane til Radev er prorussiske.
Han har lova å føre ein politikk som bidreg til at Bulgaria framleis er godt planta i EU, skriv NRK.
Rumen Radev taler på sitt siste valkampsmøte før det bulgarske valet i hovudstaden Sofia. | Foto: AP Photo/Valentina Petrova
Streik i hotellbransjen
Torsdag blei hotellstreiken trappa opp, med 1000 fleire streikande. Til saman er det no om lag 3000 hotelltilsette som er teke ut i streiken.
Hotellstreiken vart sett i gang etter brot i forhandlingane mellom NHO Reiseliv og fagforeiningane Fellesforbundet og Parat søndag.
Fagforeiningane krev reell lønsauke og forskottering av sjukepengar. Det vil seie at arbeidsgivar betalar sjukeløna til tilsette fram til Nav har handsama søknaden.
NHO meiner det er staten sitt ansvar å forskottere sjukepengar, skriv NRK.
Spesielt Trondheim, Tromsø og Sandefjord er råka av andreuttaket i streiken, melder VG.
Forbundsleiar i Fellesforbundet Christian Justnes varslar at enda fleire kan bli tatt ut i streik over helga.
– Vi kan halde på til vi oppnår eit resultat som vi er fornøgde med. Streikeviljen og økonomien står i stil, seier Justnes til NRK.
Fagforeininga Parat går i demonstrasjontog mot Stortinget. | Foto: Åshild Slåen
Regjeringa går inn for aldersgrense i sosiale medium
Innan året er omme, kjem det eit lovforslag om aldersgrense i sosiale medium, skriv NTB. Aldersgrensa blir sett til 1. januar det året ein fyller 16, ei endring frå det opphavelege forslaget på 15-årsgrense.
Lovforslaget blir lagt fram for Stortinget innan utgangen av 2026. Om det får fleirtal, kan lova bli innført i løpet av neste år.
Regjeringa vil innføre aldersgrense for å hindre at barn blir påverka av algoritmar og reklame, eller at dei blir «grooma» eller rekrutterte av kriminelle.
Ansvaret for å sikre aldersverifisering, vil bli lagt på selskapa som driv dei sosiale media.
Førebels er det ingen europeiske land som har innført ei aldersgrense i sosiale medium, sjølv om fleire no har varsla at dei vil gjere det.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) svarar på spørsmål frå elevar ved Manglerud skole. | Foto: Birgitte Vågnes Bakken
Nesten 9000 fleire personar har søkt høgare utdanning i år, samanlikna med i fjor, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding. Aldri før har det vore så mange studieplassar tilgjengeleg.
Over 36 000 har sett helsefag som førsteval. Det er ein auke på om lag tusen søkjarar frå i fjor. Då var også helsefag på topp.
Direktør Sveinung Skule i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse opplyser at pedagogiske fag, som ikkje er lærarutdanningar, hadde størst vekst i år med 49 prosent.
Det er informasjonsteknologi og estetiske fag som går mest ned.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland seier ho er veldig glad for at så mange har søkt til høgare utdanning. | Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Dei under 18 år får aldri lov til å røyke i Storbritannia
No har det britiske parlamentet vedteke ei ny lov som gjer at sigarettar vil vere ulovleg for alle i Storbritannia som er fødde etter 2008, ifølgje NTB. Norske politikarar er delte om ei liknande lov i Noreg.
Mellom anna inneber den nye lova at personar under 18 år ikkje lenger har lov til å kjøpe e-sigarettar eller nikotinprodukt. I tillegg blir det forbod mot reklame, utstilling og gratis utdeling av slike produkt.
– Barn i Storbritannia vil vere ein del av den første røykfrie generasjonen, verna mot eit liv med avhengnad og skade. Det er betre å førebyggje enn å kurere, seier helseminister Wes Streeting.
Arbeidarpartiet seier til VG at dei vil kome tilbake til om ei slik lov er aktuell i Noreg. Høgre og FRP seier at dei ikkje ville ha støtta ei liknande lov her i landet.
Lova som vart banka gjennom i Parlamentet onsdag, medfører at personar fødd på eller etter 1. januar 2009, aldri lovleg kan kjøpe sigarettar. | Illustrasjonsfoto: Cottonbro Studio/Pexels
Vekas lyspunkt: Auken i energibehov blei dekt av fornybar energi
Verda treng stadig meir energi, men heile auken i energibehov frå i fjor blei dekt av fornybare kjelder, skriv The Guardian. Bruken av fossile brennstoff gjekk ned med 0,2 prosent.
Solkraft auka med nesten ein tredjedel frå året før, som er ny rekord. Solkraft dekte òg ein tredjedel av det auka behovet for energi, og resten blei for det meste dekt av vindkraft.
Meir enn halve auken i grøn energi kom frå Kina, som er verdas største eksportør av komponentar som brukast i fornybar energi.
Også India har auka bruken av fornybar energi, til fordel for kolkraft.
Globalt sto fornybar energi for 34 prosent av energiproduksjonen.
14 prosent av fjorårets solenergi blei lagra i batteri og nytta seinare, skriv The Guardian. | Illustrasjonsfoto via Canva
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.