Støre vil ikkje forby sosiale medium – men vil ha 15-årsgrense

Viss du er under 15 år, vil du ikkje kunne bruke sosiale medium, svarar statsministeren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka er skriven i samarbeid med Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no

– Kjem du til å «banne» sosiale medium for barn under 16 år?

Det spør ein av sjuandeklassingane ved Manglerud skole når statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) besøker dei i slutten av januar. Statsministeren har tatt turen til skulen for å svare på spørsmål frå elevane.

– Nei, det meiner eg ikkje vi skal, svarar Støre, før han held fram:

– Men vi skal ta ansvaret som vaksne for det som skjer på sosiale medium. Så vi er jo opptekne av at du bør ha ei aldersgrense for alle sosiale medium og algoritmar.

Han seier dei ser på moglegheiter for å stadfeste alder med bank-id for å bruke sosiale medium.

I praksis forbod?

Men om ein innfører aldersgrense, blir dei sosiale media i praksis «banna» for dei som er yngre. Å «banne» er slang for å forby.

Framtida Junior sende difor Statsministerens kontor oppfølgingsspørsmål rett etter møtet for å finne ut kva han meinte. Framtida Junior stilte desse spørsmåla:

– Kva meiner Støre når han svarar nei på spørsmål om han vil «banne» sosiale medium for barn under 16 år?

– Vil Støre forby sosiale medium for barn under 16 år?

Vil ha 15-årsgrense

Støre svarar i ein e-post at han er bekymra for kva barn kan bli utsette for i sosiale medium. Han er òg bekymra for kor mykje tid dei brukar framføre skjermen, og korleis skjermbruk og sosiale medium påverkar fysisk og psykisk helse.

– Derfor vil vi setje ei aldersgrense på 15 år for å bruke sosiale medium. Målet er å finne ei løysing som gjer at alle som vil bruke sosiale medium, må stadfeste alderen sin for å kunne logge seg på. Det betyr at viss du er under 15 år, vil du ikkje kunne bruke sosiale medium, svarar han.

I dag er aldersgrensa 13 år for tenester som Snapchat, Instagram, Facebook og TikTok, fordi ein ikkje vil at dei skal samle inn personleg informasjon om deg som barn, forklarar Barneombodet.

Statsminister Jonas Gahr Støre svarte på spørsmål frå elevane ved Manglerud skole. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Mogleg lovendring

Regjeringa kom i fjor med eit forslag om å innføre ei absolutt aldersgrense for sosiale medium. Forslaget vart sendt på høyring, som vil seie at personar og organisasjonar kan svare på kva dei synest om lovforslaget, før regjeringa arbeider vidare med det.

I forslaget frå regjeringa er det nokre unntak. Dataspel, digitale meldingstenester og tenester som blir brukt til kommunikasjon om skule og fritidsaktivitetar skal haldast utanfor aldersgrensa.

I lovforslaget er det usikkert om Snapchat vil bli omfatta av aldersgrensa, sidan det kan definerast som både ei meldingsteneste og eit sosialt medium, men barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) har seinare sagt at dei vil ha aldersgrense også på Snapchat. 

Fleire land vil ha grense

I desember 2025 blei sosiale medium forbode for barn under 16 år i Australia. Det er det første landet som innfører ei så streng aldersgrense.

Forbodet gjeld mellom anna TikTok, Facebook, Instagram, YouTube og Snapchat, skriv NRK. Barn under 16 år vil ikkje lenger kunne ha kontoar på desse tenestene, men kan framleis sjå innhald utan å vere logga inn, ifølgje VG.

Noah Jones er ein av ungdommane som har gått til sak mot den australske regjeringa. Han meiner forbodet bryt med landets grunnlov og retten til politisk kommunikasjon. Foto: AP Photo/Rick Rycroft

I Frankrike kan det òg bli forbode for barn under 15 år å bruke sosiale medium. Forslaget har fått støtte i nasjonalforsamlinga, men skal stemmast over i senatet før reglane eventuelt kan bli innførte.