Fylkeskommune vil endre fråværsgrensa: – Den nye syg
Troms fylkeskommune ber regjeringa om å endre fråværsreglementet.
– Det her har aldri skjedd før, og eg forventar at det endrar heile debatten om fråværsgrensa, seier Christoffer M. Winkler (17) på telefon til Framtida.no.
Han er fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Troms, og er veldig glad for eit nytt vedtak som gjekk gjennom i fylkestinget førre veke.
I ei samla uttale ber fylkeskommunen om at regjeringa og Stortinget endrar fråværsgrensa. Dei er den første fylkeskommunen som går inn for eit slikt vedtak.
Kva er fråværsgrensa?
Elevar som har udokumentert fråvær på meir enn 10 prosent i eit fag, får ikkje karakter i faget.
Dersom eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at eleven likevel får halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter.
– Eg synest det er spennande å sjå at den faktiske fylkeskommunen no ser konsekvensane av fråværsgrensa, seier Winkler.
● Les også: Kva meiner partia om fråværsgrensa?
Ber om mindre byråkrati
Det nye fråværsregelverket har tidlegare blitt kritisert for å nokre gonger rekne besøk til helsesjukepleiar som fråvær, noko Utdannings- og forskingskomitéen på Stortinget fekk endra i februar i år.
Hovudkritikken til Troms fylkeskommune er at reglementet rammar skeivt, spesielt for elevar som er sjuke, og ikkje rettar seg like mykje mot skulkarane.
Uttalen fokuserer på fire punkt, der dei ber om ein gjennomgang og endring av regelverket slik at:
- fråværsgrensa igjen blir retta tydeleg inn mot skulk og ugyldig fråvær
- sjukdom og naudsynte helsebesøk ikkje slår urimeleg ut for elevane
- regelverket blir enklare og mindre byråkratisk for skulane
- elevar som har høgt fråvær, tidlegare blir møtt med oppfølging og hjelp
Dette blir sendt til Kunnskapsdepartementet, kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og Utdannings- og forskingskomitéen på Stortinget.
Vil få ned fråværet i Troms
21 av de 36 representantane som var til stades på møtet stemte for forslaget.
Det var Høgre, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne, Industri- og næringspartiet, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Nordkalottfolket og dei uavhengige representantane som fremja forslaget.
Desse pluss Framstegspartiet stemte for, medan Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt stemte mot.
Cecilie Mathisen er Høgre sin gruppeleiar i Troms, og leiar fylkeskommunen sitt hovudutval for kompetanse.
Ho fortel at skulefråværet på vidaregåande skular i Troms har gått kraftig opp dei siste åra, og at talet no har stabilisert seg på rundt ti prosent fråvær.
– Vi har vore i dialog med elevane for å finne ut kvar skoen trykker, og alle svarer eigentleg fråværsgrensa, seier Mathisen på telefon til Framtida.no.
Ho trekker spesielt fram at det nye regelverket, som vart innført hausten 2025, ikkje skil mellom dokumentert og udokumentert fråvær før du har nådd 10-prosentgrensa i eitt fag.
– Heile målet med fråværsgrensa, i alle fall slik vi ser det, er å hjelpe ungdommar å vere på skulen, slik at ein klarer å fange opp dei som treng den ekstra støtta og hjelpa, ikkje dei som er borte fordi dei har ei helseoppfølging eller ein sjukdom dei tek omsyn til.
Det var Høgre som i si tid innførte fråværsgrensa i 2016, under Solberg-regjeringa. Mathisen understrekar at partiet er for ei fråværsgrense, men ikkje slik ho eksisterer i dag.
– Den fråværsgrensa vi har i dag har ikkje fokus på å få elevane på skulen, ho har fokus på å fange opp fråvær, punktum.
Ho er redd for at elevane opplever at reglane er urettferdige, og at det gjer at skulekvardagen deira blir dårlegare, og tilliten til systemet blir svekt.
Er der for å stille forventningar
Framtida.no har lagt fram kritikken av fråværsgrensa for Kunnskapsdepartementet.
– Fråværsgrensa er der for å stille klare forventningar til oppmøte for elevane. Det er viktig for både læring, trivsel og fellesskapet, svarar statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) på e-post via kommunikasjonseininga i departementet.
Departementet opplyser om at dei har justert rettleiinga for å gjere ho lettare å forstå, og vurderer fortløpande om det er behov for fleire justeringar.
Dei skriv at uttalen frå fylkeskommunen vil bli behandla på vanleg måte, og at det er bra at fylkeskommunane gir innspel til korleis regelverket fungerer i praksis.
Den nye ordninga «syg masse»
Christoffer M. Winkler i Elevorganisasjonen vil helst at fråværsgrensa forsvinn fullstendig, men han synest den nye ordninga er verre enn den gamle.
– Den nye syg masse. Den gamle var ikkje noko god den heller, men den vi har no er verre, seier han.
Aller helst vil han at når elevar er mykje borte frå skulen, skal det bli behandla som eit symptom, og ikkje bli straffa med stryk. Han meiner det er mange sanksjonar skulen kan bruke før dei seier eleven ikkje får karakter.
– Eg synest vi har høyrt nok av elevcasar, nok lærarar som roper om at det er for mykje byråkrati, nok rektorar som er leie av å godkjenne 15-prosentar, no med til og med ein heil fylkeskommune som seier det ikkje er greitt. Eg forventar at ministeren skal forstå dette her.
No utfordrar han kunnskapsministeren til debatt om fråværsgrensa:
– Ta ein prat med meg og Elevorganisasjonen i Troms.
Han vil spørje ho direkte om kvifor ho ikkje endrar regelverket.
Kunnskapsdepartementet skriv til Framtida.no at dei har møtt Elevorganisasjonen tidlegare om fråværsgrensa, men at fylkeslaget i Troms gjerne kan sende inn sine innspel til departementet.








