Engasjementet til den nye leiaren av Elevorganisasjonen starta då skulen hans brann ned.
– Eg vil vere ein leiar folk kan kome til. Det gjeld ikkje berre mitt sentralstyre, men alle elevar som vi representerer. Eg vil vere tydeleg, handlekraftig og kjempe elevanes sak!
Det skriv nyvald leiar i Elevorganisasjonen, Zaid Norzai Ahmmad (20), i ein e-post til Framtida.
Han meiner dei viktigaste sakene for Elevorganisasjonen anno 2026 er ønsket om ei ny sluttvurdering, endring i fråværsregelen og tryggare skulevegar.
Den største sigeren frå landsmøtet seier Ahmmad må vere elevane i Troms.
Zaid Norzai Ahmmad
Alder: 20
Personleg pronomen: Han
Frå: Våler, Østfold
Yrke/utdanning: Fullført vidaregåande, studiespesialisering på Kirkeparken videregående skole
Favorittfag på skulen: Kroppsøving og Politikk og menneskerettar
Ulike verv: – Dei 4–5 åra har eg hatt ulike verv i Elevorganisasjonen. Mellom anna fylkesstyremedlem i Viken, nestleiar i fylkesstyret i Østfold og sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen.
Medlem i: Elevorganisasjonen
– Dei fekk gjennomslag for sitt forslag til ny politisk prioritering. Det var utruleg inspirerande å sjå demokratiet fungere i praksis. Elevane kjempa hardt, og fekk på plass prioriteringa. «Trygge vegar – trygge elevar og lærlingar».
Det meiner Ahmmad viser at når elevane samlar seg, så kan dei få til det dei vil.
– Neste store utfordring er å få dei vaksne til å forstå at elevar ikkje er så urolege eller utagerande som mange vil framstille oss som. Vi ønskjer det same som alle andre: å lære, å ha ein trygg skulekvardag, og å vere førebudd på livet etter skuletida. Ikkje berre det, men vi vil òg spele på lag med lærarar, og det skal vi få til!
Vil at elevar blir møtt med tillit
Engasjementet til Ahmmad starta då ungdomsskulen hans brann ned,
– Eg blei frustrert over at alle berre aksepterte det som «slik er det berre». Eg skjønte jo at dei såg på oss som «for små», men nokon måtte prøve å gjere noko. Og gjennom det året så møtte eg på Elevorganisasjonen. Å møte så mange ungdom og folk eg kan kalle venner for livet er det som byggja opp engasjementet mitt.
Hjartesaka hans er at elevar kan bli sett på som framtida som kjem til å forme og byggje landet vidare.
– Og ikkje som ei utfordring eller problem i skulen. Eg vil at vi går tilbake til det synet, om at elevar skal bli møtt med tillit. Då treng vi at elevmedverkinga blir anerkjend som ein ressurs som styrker fellesskapet.
Held seg oppdatert på toget
Førebiletet til Ahmmad er turnaren Simone Biles.
– Ho har vist at ein kan møte motgang, byggje seg opp igjen, og bli «The GOAT» (Greatest of all time, red. anm.). Sjølv om ho ikkje er politikar, er styrkane hennar og evna til å inspirere noko eg verkeleg ønskjer å lære av.
Og at den nyvalde leiaren har ein turnar som førebilete, er kanskje ikkje så rart.

Ahmmad som sikrar på ein turn-konkurranse.
– Eg er turntrenar! Eg har drive med turn sjølv, og trener no det same konkurranse-laget eg sjølv var ein del av.
Turn er ein av tidstjuvane i livet hans.
– Eller mobilen. Som mange andre ender eg opp med å skrolle på TikTok eller Instagram.
Der held han seg også oppdatert.
– Eg les nyheiter på toget til og frå jobb. Ofte kjem dei mest informative videoane på TikTok på natta, når søvnen blir borte! Eg diskuterer også politikk med vener og familie. Det utfordrar mine syn og gir meg nye perspektiv.
Draumar om endring i eksamen
– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?
– «Eksamen blir endra til langtidsoppgåva». Det hadde vore magisk å vakne opp og vite at politikarane faktisk lytta til elevar. Vi er einige om at vi treng ei sluttvurdering, men no ville eg endeleg sett at elevanes ønskjer faktisk blir teke på alvor.
Ahmmad draumar òg om ei verd der kvar elev kan fullføre skulen med tru på framtida.
– Skulen skal vere ein trygg, dannande arena kor elevar lærer og utviklar seg. Om skulen fungerer slik, får vi eit samfunn der folk kjenner seg tryggje og førebudde på livet.
Vil ete burgar med Mandela
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor, og kva ville du servert?
Eg ville invitert Nelson Mandela fordi han forandra verda. Det hadde vore spennande å høyre korleis han samla folk med ulik bakgrunn og fekk dei til å jobbe saman. Eg ville servert ein saftig burgar med pommes frites på sida. Det slår aldri feil med ein burgar.

Bokomslag: Cappelen Damm
– Kva for ei bok burde alle lese? Kvifor?
– «Kva vil folk si!». Eg er ikkje god på å lese bøker, men dette var verkeleg éi av få bøker eg greidde å lese ferdig. Utruleg god bok, som handlar om kultur, identitet og korleis nokre ungdommar har det i landet!
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Suits, ein av favorittseriane mine
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Stateside av Pink Panthress og Zara Larson.








