Vekas viktigaste: Narkobaron drepen, Island vurderer EU-medlemskap og Pakistan erklærer krig
Foto: AP Photo/Wahidullah Kakar/EU/AP Photo/Armando Solis/US State Department. Kollasj: Framtida
Har du fått med deg dei viktigaste sakene denne veka?
Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Pakistan erklærer krig mot Afghanistan
Natt til fredag gjekk Pakistan til luftangrep fleire stader i Afghanistan, mellom anna i hovudstaden Kabul. Pakistan har stadfesta angrepet og erklærer open krig mot Taliban.
– Tolmodet vårt har nådd grensa. No er det open krig mellom oss og dykk, skriv forsvarsminister Khawaja Asif på X, ifølge VG.
Taliban-styret har uttalt at dei vil gjengjelde angrepet.
Dei to landa har hatt eit høgt spenningsnivå over lang tid. Det har vore dødelege samanstøyt på grensa, og skuldingar om valdelege angrep begge vegar. I oktober vart det forhandla fram ei våpenkvile i Qatar. Dei to landa skuldar på kvarandre for opptrappinga av konflikten.
Generalsekretær i FN, António Guterres, oppmodar dei to landa til å løyse usemje på diplomatisk vis.
Afghanske soldatar held vakt ved grensa til Pakistan. | Foto: AP Photo/Wahidullah Kakar
Fleirtal for lobbyregister på Stortinget
Det er fleirtal på Stortinget for å greie ut eit såkalla lobbyregister, etter at Ap har snudd i saka denne veka.
Føremålet med eit lobbyregister er å ha ei offentleg liste over kva personar og organisasjonar som møter og prøver å påverke politikarar på Stortinget.
– Folk har krav på å vite kven som påverkar dei folkevalde. Det er ikkje noko mistenkeleg i at organisasjonar og bedrifter tar kontakt med politikarar, men det skal skje i ope lys, ikkje bak lukka dører, seier Venstre-leiar Guri Melby til NRK.
Venstre har lagt fram forslaget, med støtte frå MDG, Raudt og SV. Også KrF, Sp og H har snudd til å bli positive til eit lobbyregister.
Saka har vorte særleg aktuell etter avsløringane om korleis den dømde seksualforbrytaren Jeffrey Epstein pleidde omgang med mektige menneske, inkludert ei rekke norske samfunnstoppar.
Venstre-leiar Guri Melby er glad for å få fleirtal for forslaget om å greie ut eit lobbyregister. | Foto: Baard Salvesen
Drapet på Mexicos «mest ettersøkte» utløyser kaos
Narkobaronen Nemesio Oseguera Cervantes (59), også kjent som «El Mencho», vart drepen under ein militæroperasjon for å arrestere han, opplyste det meksikanske forsvarsdepartementet denne veka.
Cervantes leia narkokartellet Jalisco New Generation (CJNG), som står bak smugling av store mengder kokain, metamfetamin og fentanyl til USA. USA tilbydde ein dusør på 15 millionar dollar for informasjon som leia til at «El Mencho» vart fanga.
CJNG svara på aksjonen ved å tenne fyr på bilar, bygge vegsperringar og angripe tryggingsstyrkar i åtte statar i Mexico. Byen Guadalajara, som er ein av vertsbyane for sommarens fotball-VM, og turistdestinasjonen Puerto Vallarta skal vere blant stadane CJNG gjekk til åtak.
Ein soldat held vakt ved eit utbrent køyretøy
i Cointzio i Michoacán stat i Mexico. | Foto: AP Photo/Armando Solis
Island skal røyste over EU-medlemskap
Den islandske regjeringa planlegg ei folkerøysting om EU-forhandlingar i løpet av få månader, fortalde statsminister Kristrún Frostadóttir under eit pressemøte onsdag.
Ho reknar det som ei moglegheit til å integrere Island meir med EU. I dag er Island ein del av EØS, saman med Noreg og Liechtenstein.
Samstundes understreka statsministeren at det i forhandlingar med EU vil vere viktig at islendarane sin «arktiske identitet», levesett og ressursbruk vert respektert og teke omsyn til.
Den polske statsministeren Donald Tusk, som også deltok i møtet, sa at han vil vere glad for å ta imot Island i unionen, og slo fast at Polen si erfaring med EU-medlemskap har vore ei suksesshistorie. Polen vart med i 2004.
Grensevakter i Cuba drap fire «terroristar» i USA-registrert båt
Ti personar nærma seg øystaten i ein Florida-registrert speedbåt onsdag og opna eld mot kystvakta, opplyserdet cubanske innanriksdepartementet. Grensevakta skaut og drap fire av passasjerane i båten, og skadde og arresterte dei seks andre.
Cubanske styresmakter hevdar at passasjerane på båten hadde intensjonar om å gjennomføre ein terrormotivert «infiltrasjon». Dei skal vere cubanske innbyggarar i USA, og dei fleste hadde kriminelle og valdelege handlingar på rullebladet, ifølge styresmaktene.
Marco Rubio, USAs utanriksminister, opplyser at USA etterforskar hendinga, som han kallar «svært uvanleg». Han slo fast at USA vil gjere sine eigne undersøkingar og ikkje lite på informasjon frå dei cubanske styresmaktene.
Forholdet mellom USA og Cuba har vore dårleg sidan den kalde krigen, men det har surna ytterlegare etter at USA tok Venezuelas president Nicolás Maduro til fange i januar. Venezuela har vore ein alliert av Cuba, og har mellom anna forsynt øystaten med olje. No har USA hindra venezuelansk olje i å nå Cuba, noko som har ført til ei energikrise på øya.
Illustrasjonsfoto frå Havana i Cuba. | Foto: AP Photo/Ramon Espinosa
Kong Harald (89) vart innlagd på sjukehus
Kongen vart innlagd på eit privat sjukehus under ein ferie til Tenerife tysdag. Han skal ha fått ein hudinfeksjon i beinet og vorte dehydrert. Han vart skriven ut av sjukehuset torsdag.
Livlegen til kongen, Bjørn Bendz, fortalde i ein uttale frå kongehuset onsdag at innlegginga var alvorleg, men at allmenntilstanden til kongen var god, og at han vart verande på sjukehuset for observasjon og vidare behandling.
– Når personar på nesten 90 år vert lagde inn med infeksjon, er det alvorleg. Det er viktig at vi får god oversikt og kontroll på helsetilstanden før kongen vert skriven ut, sjølv om tilstanden er stabil no, sa legen i uttalen.
Dronning Sonja besøkte kong Harald på Hospital Universitario Hospiten Sur på Tenerife. | Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Vekas lyspunkt: India gir gratis HPV-vaksinar til jenter over heile landet
India skal bruke Gardasil-vaksinen, som beskyttar mot HPV type 16 og 18, som kan gi livmorhalskreft, så vel som type 6 og 11. Livmorhalskreft er den nest vanlegaste krefttypen blant indiske kvinner, og over 42 000 indiske kvinner døyr av det årleg.
– Vaksinering før seksuell debut er kritisk, sidan HPV-infeksjonen er stille og irreversibel, og vaksinen er trygg og har bevist effekt, seier Dr. Pragya Shukla, leiar for klinisk onkologi ved kreftinstituttet i Dehli.
Jan Christian @ www.ambrotosphotography.com, CC BY-SA 2.0 , via Wikimedia Commons
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.