Filmmelding: Min første kjærlighet – ei oppvekstskildring på internasjonalt nivå
Min første kjærlighet er ein vakker, sommarleg og varm film som fangar kjensla av det å starte på noko nytt.
Min første kjærlighet er ei norsk oppvekstskildring på internasjonalt nivå, og ein film som eg blir å sette på kvar gong eg vil ha ei sommarleg kjærleiksforteljing.
Eg såg noregspremieren av filmen under årets utgåve av Tromsø Internasjonale Filmfestival. Regissøren og begge hovudrolleinnehavarane var til stades, og etter framsyninga prata dei om bakgrunnen til filmen.
Fakta
Regi: Mari Storstein
Land: Norge
Speletid: 1t 28m
Sjanger: Oppvekstskildring, kjærleik
Kor: På kino frå 27. februar
Dette er Mari Storstein sin fyrste spelefilm. Tidlegare har ho laga mange dokumentarar, med spesielt fokus på rullestolbrukarar. Ho sit sjølv i rullestol, og synest at ein dokumentar ikkje alltid strekk til. Det er ikkje alt ein kan filme, til dømes møte med kommunen og livet på institusjon. Så ho kom fram til ei enkel løysing; å lage ein film sjølv.
Studieliv og forelsking
Sidan filmen er basert på fleire sanne historier og ikkje berre éi, er han både spesifikk og universell. Ella (Marie Flaatten) skal flytte heimanfrå for å studere. Ho flyttar frå ein idyllisk heim med vakkert gardslandskap, ein hyggeleg familie og assistentar. Sidan ho sit i rullestol treng ho å fortsette med assistent når ho skal flytte til nabokommunen, men der møter ho motstand frå kommunen. Av byråkratiske grunnar får ho ikkje eigen assistent, så ho må flytte inn på institusjon.
På fyrste skuledag møter ho Oliver (Niels Skåber). Han spelar gitar og syng ein eigenkomponert låt med nok ironisk distanse til å behalde kredibilitet om nokon gjer narr av han. Ella og Oliver finn umiddelbart tonen, og dermed er den titulære kjærleiken i gang.
Vi får sjå korleis Ella taklar det nye studielivet, strenge leggetider frå institusjonen, og alt det som kjem med ei ny forelsking.

Marie Flaatten har ein grunnsolid skodespelardebut. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Spørsmål og fordommar
Dette er ei veldig sterk oppvekstskildring, heilt på internasjonalt nivå. Eg trur at sidan regissøren var veldig bevisst på kva type historie ho ville fortelje, unngår ho å falle for klisjear. Noko av det mest frustrerande med slike filmar er når konflikten følast ufortent; at dei blir uvennar berre fordi det er det som skjer i sånne filmar. Det er veldig forfriskande at Ella aldri mistar seg sjølv, eller gløymer kven ho er.
Oliver har mange spørsmål og ein del fordommar rundt det å sitte i rullestol, noko mange i publikum utvilsamt også har. Dette er trass alt den fyrste norske spelefilmen der hovudkarakteren sit i rullestol, og også den fyrste spelefilmen der regissøren gjer det.
Korleis er det eigentleg å gå på deit med nokon som har assistent? Kva gjer ein når rampa i bussen har kilt seg? Korleis følast det når dei som jobbar på institusjonen, kjem til universitetet for å følgje deg på do? Dei kunne vel ikkje vite at du ikkje måtte tisse akkurat då, dei følgde jo berre planen.
Vakker og varm film
Noko eg likte godt var korleis ingen blei portretterte som vondsinna. Oliver har fordommar og får lov til å lære av sine feil. Institusjonen gjer sitt beste og akkurat det som dei får beskjed om, men det er ikkje det Ella har behov for. Kommunen vil gjerne hjelpe med ressursane dei har; ingen av dei har skrive regelverket som dei følgjer.
Filmen gjorde meg sint og frustrert og fekk meg til å tenkje på ting som ikkje hadde falle meg inn før.
Dette er ein vakker, sommarleg og varm film. Han fangar kjensla av det å starte på noko nytt, og pakkar ho inn i behagelege fargar. Musikken, komponert av Ingeborg Marie Mohn frå No. 4, hjelper veldig med det hjartevarme uttrykket.
Filmen er generelt sett veldig godt laga. Han er klein på akkurat dei rette tidene, og han gjer det med vilje. Kven hadde trudd at ei scene der nokon har sex for fyrste gong kan by på noko anna enn sekundærangst?

Ella har veldig støttande foreldre, sjølv om dei er rimeleg kleine. Foto: Nordisk Film Distribusjon
Ein detalj eg likte veldig godt var at språket kjendest naturleg. Sidan norsk er mitt morsmål, er det veldig lett å merke når ting er litt feil. I denne filmen tenkte eg aldri på det, som eg trur har mykje med skodespelarane å gjere. Det verka som om dei verkeleg gjorde manuset til sitt eige, så det ikkje lenger føltest ut som eit manus.
I filmar med underrepresenterte grupper i fokus, tippar eg dei følte på ein del press bak kameraet. Sidan Ella er ein av få rullestolbrukarar ein får sjå på lerretet, hadde det vore lett å tenkje at ho måtte vere perfekt. Heldigvis får ho lov til å vere sint, spydig, morosam, glad, forelska og vise alt utan å halde igjen. Eg synest dette er ein nydeleg film, og gler meg til å sjå det neste Mari Storstein lagar.
Terningkast 5






