Politikk og samfunn

«Korleis i all verda skal ein få erfaring om ein aldri får sjansen?»

«Unge under 18 har svært godt av å lære seg å arbeide, og då nyttar det ikkje å lansere nye dusteforbod,» skriv Lena Rydland, fylkesleiar i Nordland Unge Venstre.

Lena Rydland (17)
Fylkesleiar i Nordland Unge Venstre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dagens vaksne har skyhøge forventningar til unge om å stå i arbeid. Dette høyrest ikkje ut som ei avansert oppgåve, men røynda er dessverre ei anna. Vi har fått eit samfunn med altfor mange trygda under 30 år, og tilsvarande høg arbeidsløyse blant unge generelt. Vi kan ikkje ha eit samfunn som held fram i ei slik retning. Dette har dessverre ikkje regjeringa kome fram til enno – tvert imot set staten fleire avgrensingar.

Det er ingen tvil om at folk i arbeid gagnar samfunnet, også økonomisk – og i alle samfunnslag. Dette gjeld òg barn og ungdom, og det skaper ein vinn-vinn-situasjon. Likevel må du vere 20 år for å vere servitør på ein bar, det er strenge rammer for arbeidstid, og ein må ha spesifikk erfaring. Det er absolutt eit pluss om du har det rette nettverket i tillegg.

Men korleis i all verda skal ein få erfaring om ein aldri får sjansen?

Forbod i vegen

Eg ser utfordringa, for eg er sjølv ute og leitar etter ein deltidsjobb. Eg set verdien av å jobbe og tene eigne pengar høgt, og kjensla av meistring og sjølvstende ein får etter å ha gjort ein innsats. Eg har skaffa meg litt erfaring frå fiskerinæringa og ein del politisk erfaring, men dette er ikkje nok for ein rekrutteringssjef i ein butikk. Eg har til no fått same beskjeden: «vi leitar etter meir erfaring», eller «vi fann nokon som passar betre til arbeidstidene våre». Då grublar eg over korleis eg kan trylle fram butikkerfaring.

Ein jobb i matbutikk er heller ikkje noko for meg. Eg blir snart 18, men har framleis ikkje fylt 18, så eg er altså i ein «midt imellom»-situasjon. Kvar einaste matbutikk som søkjer nye kollegaer, anten det er Extra, Kiwi eller Rema 1000, har annonsane sine merkte med «du må vere over 18 år» i den feitaste skrifta ein kan bruke.

Ein må eigentleg ikkje vere over 18 for å stable nokre ølboksar i hylla eller fylle på frukt og grønt. Det hadde heller ikkje vore så farleg å la ein stå i kassa, eventuelt med ein assistent til stades. Regjeringa meiner likevel at du ikkje kan ta på snusboksar berre fordi du er mindreårig. Dessverre er dette eitt av dei mange dusteforboda som er sette i kraft, som regjeringa ikkje vil fjerne, og som eg kunne snakka om i timevis.

Så ser eg vidare på moglegheita for å jobbe på ein restaurant som servitør. Det kan umogleg krevje så mykje erfaring, tenkte eg. Alle krava passa meg godt, bortsett frå eitt – ein må vere over 20 år. Regjeringa vil heller ikkje la meg jobbe etter klokka 21, så då er jobben endå meir uaktuell.

Løftar i feil ende

Regjeringa Støre lanserte før valet Ungdomsløftet, som skal gjere det enklare for dei under 30 år å få jobb. Avtalen vart signert av mellom anna COOP Norge, Norgesgruppen og Strawberry. Dette hjelper likevel ikkje når regjeringa tek tak i problemet i feil ende. Ungdomsløftet kan ikkje løyse utfordringane når ein ikkje fjernar avgrensingane for dei yngste.

Unge under 18 har svært godt av å lære seg å arbeide, og då nyttar det ikkje å lansere nye dusteforbod. Dei enorme pengesummane som no blir brukte til uføretrygd, kan bytast ut med meiningsfullt og tilrettelagt arbeid som gagnar oss alle, men sløseribølgja staten held fram med no blindar kanskje den ideen?

Vi må få att tilliten til ungdom og gi dei ein betre start på arbeidslivet. Generasjonane før oss jobba både på fritida og i feriane – dei lærte å arbeide. Dette er det langt mindre av no.

Eg vil påstå at dette er i ferd med å utvikle seg til eit samfunnsproblem, som både eg og andre ivrige unge jobbsøkjarar frustrerer oss over. Vi har ei politisk retning som fører til at arbeidsgivarar ser på oss unge jobbsøkjarar som kompliserande.

Å bli tilsett på ein arbeidsplass inneber forpliktande tillit, og unge under 18 er ikkje dårlegare til å ta vare på og pleie den enn ein 32-åring. Regjeringa må difor snart opne augo og sjå omgjevnadene, i staden for å sove i timen. Kvifor gjekk dette an før, og ikkje no?