Johanne (22) og Cathinka (20) kjempar for frigjeringa av Pakistanske menneskerettsadvokatar
Dei to aktivistane møtte med den tidlegare pakistanske presidenten for å be landet om å følgje si eiga grunnlov.
– Eg vil ikkje at venen min skal vere fengsla i 17 år.
Det seier Johanna Prøis Fearnley (22) når Framtida møter ho på Vinderen i Oslo.
Saman med Cathinka Bergem (20) førebur ho seg til eit møte på den pakistanske ambassaden i Noreg.
– Som norske menneskerettsforkjemparar har vi eit enormt privilegium som pakistanske menneskerettsforkjemparar ikkje har. Vi blir ikkje vilkårleg fengsla av styresmaktene våre og vi blir ikkje straffa for å seie meiningane våre, og det er eit privilegium vi er nøydde til å bruke, legg Bergem til.
På møtet skal dei to levere eit opprop frå 73 unge aktivistar frå 40 forskjellige land, som ber om at Imaan Mazari-Hazir og ektemannen hennar Hadi Ali Chattha blir rettferdig behandla av Pakistan.
Arrestert for innlegg på X
Dei to menneskerettsadvokatane vart arresterte 23. januar i Islamabad i Pakistan, og vart dømde til 17 år i fengsel 24. januar, etter å ha vore til stades i retten i eitt minutt.
Skuldingane mot paret er at dei har drive med cyberterrorisme under pakistansk lov, fordi Mazari-Hazir har skrive kritiske innlegg blant anna mot militæret, og mannen hennar har delt dei vidare. Det er den siste av ei rekke siktingar mot advokatane over fleire år.
Dei norske aktivistane Fearnley og Bergem møtte Mazari-Hazir i fjor, då advokaten var i Noreg i samband med World Expression Forum (WEXFO). Ho vart tildelt World Expression Forum Young inspiration award for å ha bidratt til unge sin ytringsfridom.
– Vi åt alle måltid saman, vi var med ho ei heil veke, og vi lærte ho å kjenne som menneske. Ho er verkeleg det modigaste mennesket eg har møtt og eg har så mykje respekt for virket hennar som menneskerettsadvokat, fortel Fearnley.
Då dei fekk høyre om dommen, organiserte dei ei markering utanfor ambassaden. Filmen av markeringa er sett éin million gongar på Instagram:
Se dette innlegget på Instagram
Ei forverring for ytringsfridom
Ifølgje Gerald Kador Folkvord, politisk rådgjevar i Amnesty International, har situasjonen for ytringsfridom alltid vore dårleg i Pakistan, men dei har sett ei tydeleg forverring frå styresmaktene dei siste åra.
– Dei har vedteke ein del nye lover som gir dei større fullmakter til å rettsforfølge folk for ting dei seier, spesielt ting dei seier på internett.
Ifølgje styresmaktene er lovene naudsynte for å overvinne alvorleg kriminalitet og det dei definerer som terrorisme på internett.
– Men i praksis brukar dei desse lovene for å straffeforfølgje folk som kritiserer dei, folk som kritiserer militæret, og i eit system der styresmaktene har skaffa seg god kontroll over rettsapparatet, blir det stadig farlegare for journalistar, advokatar og menneskerettsaktivistar å bruke stemma si, legg Folkvord til.
Han meiner fengslinga av advokatane skal vise kva som skjer med meiningsmotstandarar av staten. Organisasjonen har eit eige opprop mot den aktuelle fengslinga.
Håpar på ei ny rettssak
Når Fearnley og Bergem møter opp utanfor ambassaden i Oslo, blir dei sleppt raskt inn. Dei skal møte Anwaar ul Haq Kakar. Han er senator for Balutsjistan-provinsen, var fungerande statsminister i Pakistan for to år sidan, og er på besøk i Noreg.
Dersom han går inn for ei ny rettssak, har han makt til å gjennomføre det, fortel Fearnley. Det er håpet når dei skal argumentere for skjebnen til venen sin og ektemannen hennar.
Cathinka Bergem understrekar at møtet handlar om å få fram kor viktig det er at landet tek vare på menneskerettane til innbyggjarane sine.
– Vi ynskjer ikkje å bestemme noko over Pakistan, men minne dei på kva dei allereie har forplikta seg til i si eiga grunnlov og internasjonale rettsprosessar, seier ho.
Folk som forsvinn
Mazari-Hazir og ektemannen Ali Chatta har forsvart mange personar som har sagt ting styresmaktene i Pakistan ikkje likar, fortel Folkvord frå Amnesty International.
– Ikkje minst jobbar dei for familiane til mange folk som er forsvunne, fordi det er eit stort vedvarande problem i Pakistan at mange av dei som styresmaktene og militæret mislikar, berre forsvinn, forklarar Folkvord på telefon til Framtida.no.
Mellom 2010 og 2025 har det vore 10 592 saker om tvinga forsvinningar ifølgje den pakistanske kommisjonen for tvinga forsvinningar, og 1800 av desse sakene er ikkje oppklarte. Fleire organisasjonar meiner talet er mykje høgare.
Medan Fearnley og Bergem er i møte inne på ambassaden, er det demonstrantar på den andre sida av gata. Dei har fått høyre om senatoren sitt besøk i Noreg, og held oppe flagg for Balutsjistan, ein region med ei sterk separatistrørsle, og bilete av sakna personar.
Tolv år i hemmeleg fengsel
Ein av demonstrantane er Ehsan Arjemandi (55), som hevdar talet på forsvunne i Pakistan er over 50 000 personar.
– Eg er sjølv eit offer, og vart bortført 7. august 2009, fortel han når Framtida pratar med han.
Arjemandi kom til Noreg på 90-talet, og er norsk statsborgar. Under ei reise i Pakistan i 2009 vart han teken og sat i hemmeleg fengsel utan dom i tolv år. Han vart først lauslaten i 2021, og kom tilbake til Noreg.
– Vi vart torturerte på måtar som er heilt utenkeleg for det norske samfunnet. Eg slit framleis med skadane og dei psykiske plagene, fortel han.
Skuldar på desinformasjon
Møtet på ambassaden tek halvannan time, og det er mørkt innan Fearnley og Bergem er ute att. Dei diskuterer seg i mellom korleis bileta som vart teke av møtet, kjem til å bli brukt av ambassaden, og korleis møtet vil bli framstilt for verda.
Dei fekk kommunisert bodskapen sin, men er usikre på kva som kjem til å skje vidare.
– Det vart tydeleggjort at dei ikkje kjenner att det verkelegheitsbiletet vi snakka om, med tanke på rapportar og vitnesbyrd vi har høyrt, seier Fearnley.
– Dei var veldig opptekne av å kommunisere at dette var vårt perspektiv, og så hadde dei sitt eige perspektiv, og at det var ganske ulikt, seier Bergem.
Pakistanske styresmakter har fått beskjed
Når Framtida.no tek kontakt, skriv den pakistanske ambassaden at dei har vidareformidla bekymringane for dei fengsla advokatane til dei pakistanske styresmaktene.
I e-posten skriv dei også at aktivistane vart forsikra om rettstryggleiken til Imaan Mazari-Hazir og Hadi Ali Chattha, og at dei blir behandla i tråd med rettane dei har i den pakistanske grunnlova, utan diskriminering. På møtet informerte dei også om at den pakistanske domstolen er fungerande og uavhengig.
Svaret frå ambassaden
Framtida.no har stilt ambassaden desse spørsmåla:
- Kvifor tok de initiativ til møtet med Fearnley og Bergem?
- Korleis svarar de på bekymringane deira for tryggleiken til Mazari-Hazir og Chattha, som er i pakistansk varetekt?
- Korleis vil de følgje opp dette møtet?
- Korleis svarar de på skuldingar om urettferdig behandling av Mazari-Hazir og Chattha frå pakistanske styresmakter?
- Korleis svarar de på skuldingar om at dei pakistanske styresmaktene og militæret får folk som kritiserer dei til å forsvinne?
Dette er svaret vi fekk (omsett til norsk):
«Tusen takk for meldingane og spørsmåla dine. Det er informert at WEXFO Young Experts hadde førespurt ambassaden for nokre veker sidan om å levere eit notat som formidla bekymringane deira for arrestasjonen/dommen av Fr. Imaan Mazari-Hazir og Hadi Ali Chattha, som ambassaden har vidareformidla til dei relevante pakistanske styresmaktene. WEXFO Young Experts indikerte også at dei var villige til å dele bekymringane sine i eit møte med den pakistanske regjeringa sine representantar. Det er difor ambassaden sjekka med WEXFO Young Experts om dei ville vere interesserte i eit møte med den komande parlamentariske delegasjonen frå Pakistan, som dei straks takka ja til. Vidare var det WEXFO Young Expert si eiga avgjerd å sende Fr. Johanne Fearnley og Fr. Cathinka Bergem som deira representantar for møtet. Dei vart trygga om at rettsprosessen blir følgt i tråd med slik den pakistanske grunnlova vernar rettane til alle innbyggjarane sine, utan diskriminering, og at domstolen i landet er fullt funksjonell og uavhengig.»
Det originale svaret:
«Thank you indeed for you message and queries. It is informed that the WEXFO Young Experts had approached the Embassy a few weeks ago handing over a memorandum conveying their concerns about the arrest/sentence of Ms. Imaan Mazari Hazir and Hadi Ali Chattha, which the Embassy has duly forwarded to the concerned Pakistani Authorities. The WEXFO Young Experts had also indicated their willingness to further share their concerns in a meeting with Pakistan Government’s representatives. It is for this reason that the Embassy checked with the WEXFO Young Experts if they would be interested in meeting with an incoming Parliamentary delegation from Pakistan, which was readily agreed by them. Furthermore, it was the WEXFO Young Expert’s own decision to send Ms. Johanne Fearnley and Ms. Cathinka Bergem as their representatives for the meeting. They were reassured that the due judicial process would be followed as the constitution of Pakistan itself fully protects the rights of all the citizen without any discrimination and the Judiciary in the country is fully functional and independent.»
Kan ikkje straffeforfølgjast
Dei pakistanske styresmaktene understreka ifølgje aktivistane at arrestasjonar, fengslingar, dommar og andre val er gjort av omsyn til den tryggingspolitiske situasjonen i landet i møte med valdelege menneske og grupper.
Folkvord i Amnesty kan stadfeste at dette er eit vanleg svar frå pakistanske styresmakter. Han vedgår at Pakistan har eit problem med fleire væpna grupper i landet.
– Men styresmaktene prøver å løyse dette problemet ved å bruke vilkårleg makt, og oppretthalde eit skrekkregime der dei definerer alle som kritiserer dei som støttespelarar for terrorisme som vil undergrave statstryggleiken.
I november innførte landet livsvarig immunitet mot straffeforfølging for presidenten og forsvarssjefen. Det meiner rådgjevaren viser at styresmaktene fryktar kor mykje dei vil måtte stå til ansvar for, dersom Pakistan blir ein betre rettsstat.
Synlegheit gjer det tryggare for dei fengsla
Han er glad for at Fearnley, Bergem og dei andre unge aktivistane tør å utfordre styresmaktene for å hjelpe Mazari-Hazir og Chattha.
– Det er ganske vanskeleg å avfeie den type engasjement og berre seie at dei er politiske fiendar.
Folkvord peikar på at det er blir vanskelegare for styresmaktene å stemple advokatane som terroristar, når så mange utanfor landet protesterer mot dommen.
– Det sender også eit viktig signal om håp, ikkje berre til menneskerettsaktivistar, advokatar og journalistar i Pakistan, men også til familiar til alle dei som er forsvunne og urettferdig fengsla, om at det er nokon ute der som bryr seg.
Fearnley og Bergem er tydelege på sitt bodskap til Pakistan:
– Sjølv i væpna konfliktar, og særleg i væpna konfliktar, er det viktig at ein er prinsipiell om menneskerettar, og at alle individ skal få sine rettar oppretthaldne.













