Demonstrerer utanfor Nussir-investor: – Ei gruve som aldri skal sjå dagens ljos

I dag samlar aktivistar over heile verda seg utanfor kontora til Hartree Partners. Målet er å få dei til å trekkje seg som investorar for ei norsk kopargruve.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi meiner det er heilt uhøyrt og heilt uakseptabelt at ein skal ofre ein nasjonal laksefjord for kortsiktig profitt.

Det seier Ella Marie Hætta Isaksen (27) når Framtida-journalisten møter ho og dei andre demonstrantane på Aker Brygge. Tysdag samla dei seg utanfor Oslo-kontoret til det amerikanske investor-firmaet Hartree Partners. Her planlegg dei å vere fram til fredag, og torsdag er det organisert fleire demonstrasjonar ved selskapet sine internasjonale kontor i Melbourne, London og New York.

Målet er å få eit møte med selskapet.

Får kjøpe kopar i ti år

Hartree Partners er hovudinvestor i kopargruva til Nussir ASA. Dei har ei 10-årsavtale om å kjøpe koparen som blir utvinna, mot at dei finansierer utbygginga som no skjer i Kvalsund i Hammerfest. Planen er at noko av avfallet frå gruvedrifta skal sleppast ut i den nærliggande Repparfjorden, altså eit såkalla sjødeponi.

Rebecka Ekeland (23), den nye leiaren i Kvenungdommen, har møtt opp med ein tydeleg beskjed.

– Eg synest gruveprosjektet er heilt forkasteleg og at den måten å drive gruvedrift på tilhøyrer fortida, og vi må slutte med det no, seier ho.

Eitt av få land i verda med sjødeponi

Etter at Indonesia og Chile sa nei til ny gruvedrift med sjødeponi i 2021, er Noreg, Papa Ny-Guinea og Tyrkia dei einaste landa i verda som tillèt sjødeponi. Demonstrantane Framtida.no pratar med er spesielt bekymra for kva avfallet vil gjere med fisken i Repparfjorden.

– Dei skal dumpe fleire tusental tonn med gruveslam i ein laksefjord som folk brukar for å fiske og overleve i lokalområde, seier Ánddá Eriksson (20).

Eriksson er også oppteken av korleis industrien vil påverke det nærliggande beiteområdet.

– Gruva i seg sjølv forstyrrar kalveområdet for den lokale reindrifta.

20-åringen er frå Arvidsjaur på svensk side av Sapmi, og er sjølv ein del av ein reindriftsfamilie. Han meiner det er viktig å verne om naturen i Sapmi, og at kampen mot gruva er avgjerande i dette arbeidet.

– Det er den største tingen som skjer akkurat no, så det er det eg forsøker å vere ein del av.

Dersom Ánddá Eriksson ikkje hadde vore med på demonstrasjonen mot gruva i Hammerfest, ville han drive med samisk handverk og hjelpt til med reindrifta til familien. | Foto: Åshild Slåen

Avviser kritikken

Sjødeponi er ein omstridd praksis, og ekspertar er usamde om konsekvensane, delvis fordi det kjem an på minerala i avfallet som blir sleppt ut i vatnet, og om det blir sleppt ut i djupt eller grunt vatn, ifølgje Faktisk.no.

Øystein Rushfeldt, som er sjef for Nussir i Noreg, viser til at fleire fagfolk har gått god for sjødeponiet i Repparfjorden som forsvarleg og trygt for fisken.

– Det er eit faktum som er dokumentert i dei store utgreiingsprosessane som har vore dei siste ti åra. Sjødeponiet har veldig liten innverknad på livet i fjorden. Det har størst innverknad på fjordbotnen, der deponeringa skjer, men det er noko ein fjord klarer å handtere, seier han på telefon til Framtida.no.

Rushfeldt peikar også på at alle har fått gode moglegheiter til å uttale seg og bli høyrde, inkludert sjøsamiske interesser i Kvalsund, og reindriftssamar, etter Nussir fekk løyve til gruva og deponiet.

– Hundrevis av møte, utgreiingar og gjennomgang av svar på høyringar, som tok 10 år og 21 dagar – viss ikkje det er ein god og grundig prosess i forhold til blant anna samiske interesser, så finst det ikkje nokon prosessar som kan fungere.

Han fortel at området dei arbeider på no, er industriområde som vart bygd ut på syttitalet, og at det ikkje forstyrrar reinbeiteområde.

Framtida.no har ikkje lukkast med å få kommentar frå Hartree Partners. Rushfeldt har ikkje kjennskap til at nokon ved Oslo-kontoret har med investeringa i kopargruva å gjere.

Treng kopar til grøn omstilling

Kopar er eit metall som blant anna blir brukt i batteri, og behovet for mineralet vil auke etter kvart som fleire land fasar ut fossil energi. Når det i tillegg blir ein større etterspurnad etter metallet i både KI-bransjen og forsvarssektoren, er den totale etterspurnaden venta å auke med 50 prosent innan 2040, skriv Reuters.

Rushfeldt i Nussir meiner det er dobbeltmoralsk å springe frå samanhengen mellom metallutvinning og overgangen til eit fornybart samfunn.

Han kritiserer spesielt dei partia som no har teke til orde for å trekke tilbake løyva dei fekk i 2016. Det er SV, Raudt, MDG og Venstre som har gått saman om forslaget.

– Det å framstille det som om vi kjem vidare i verda om vi berre trekker inn løyve til ny gruvedrift, det er superpopulistisk, ekstremt kynisk, og dobbeltmoralsk.

Kan ikkje gå utover naturvern

Demonstrantane Framtida.no pratar med er ikkje einige i at kopargruva i Hammerfest er naudsynt for å sikre ei meir berekraftig framtid.

– Når dei seier det skal brukast for ei grøn framtid og ei grøn omstilling, men dei forstyrrar den lokale naturen, er det ikkje grønt, seier Eriksson.

Isaksen vedgår at vi kjem til å trenge mineral i framtida, men meiner det er livsviktig å takke nei til dette prosjektet.

– Det er ei gruve som aldri skal sjå dagens ljos. Ho høyrer ikkje heime i vår tid, og det er ein bakstreversk måte å drive gruvedrift på.