Vestland skal teste alternativ eksamen: – Vil fremje kritisk tenking
Vestland fylkeskommune vil undersøke korleis andre eksamensformer kan legge meir vekt på sjølvstendig arbeid. – Heilt fantastisk, seier Elevorganisasjonen.
Fylkestinget i Vestland vedtok før jul at dei vil teste alternative former for eksamen allereie neste skuleår.
Fylket vil sette i gang prøveprosjekt som kan omfatte mappevurderingar, praktiske eksamenar eller andre vurderingsformer som måler kompetansen til elevane.
Med andre former for eksamen ønsker ein å måle kompetansen elevane faktisk sit att med, og gjere det lettare å vurdere sjølvstendig arbeid framfor hjelpemiddelbruk og juks.
– Målet er å prøve eksamensformer som i større grad fremjar kritisk tenking, djupnelæring og relevant fagkompetanse – og som gir meir rettferdige og reelle vurderingar av kva elevane kan, heiter det i vedtaket.
Heilt fantastisk
Oliver Trohaug Våge, fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Vestland, seier det er heilt fantastisk at fylkespolitikarane vil teste alternativ til dagens eksamen.
– Elevorganisasjonen har lenge sagt at vi vil prøve nye ting, i staden for å låse oss fast til dagens eksamen. Vi synest ikkje det fungerer så veldig bra, og vi ser at elevane ikkje synest det fungerer bra, seier han.
Han trekker fram at dagens eksamensordning overlet mykje til tilfella og målar kva elevane klarar å pugge i innspurten. Han meiner det er urettvist og ikkje lar elevane vise sitt fulle potensial.
– Vi meiner ein bør gjere ei heilskapleg vurdering av kva eleven har jobba med gjennom heile året. Vi er for å gi elevane moglegheit til å drøfte over lengre tid, og moglegheit til å feile undervegs og rette opp igjen seinare, seier han.
Vil la eleven velje
Dagens ordning med tilfeldig trekk synest Våge er urettvis. Elevar kan verte heldige eller uheldige om dei kjem opp i sitt beste eller verste fag.
– Vi synest det beste er om du kan velje sjølv. Det er ikkje alle faga som er relevante for kva du skal vidare i livet. Avhengig av kva du skal studere, kan det hende du vil fokusere meir på matte enn norsk på vidaregåande, eller motsett, seier han.
Alternativt meiner han det er ein fordel å vite frå starten av skuleåret kva ein skal opp til eksamen i.
– Då kan du stille betre førebudd. Eg forstår prinsippet om at elevane skal kunne gå opp i alle faga, men det er ikkje produktivt at elevar går rundt og kryssar fingrane for å unngå det faget dei ikkje vil komme opp i, i staden for å stille førebudd, seier han.
Kunstige utfordringar
Dei siste åra har kunstig intelligens som kan skrive heile stilar på kort tid, sjokkert det norske skulesystemet.
Våge meiner det er ein problemstilling som må takast hand om i ei ny eksamensform. Samstundes meiner han at KI bør bli betre implementert i skulen.
– Vi skal ikkje la KI skrive tekstar for oss. Då lærer vi ikkje mykje. Men det bør bli implementert i skulegangen på ein betre og meir berekraftig måte, så vi kan bruke det i framtida. For KI er ikkje framtid, det er notid, seier han.
– Prøv noko radikalt
Når Vestland fylke no skal gå i dialog med Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet for å prøve alternative eksamensformer, vonar Våge at fylket torer å skyve grensene.
– Skulen heng litt bak, han ser omtrent lik ut som for 100 år sidan, noko verda og samfunnet ikkje gjer. Det er eit stort steg at fylket er villig til å prøve noko anna. Då vil vi ikkje at dei berre skal ta lilletåa ut av komfortsonen. Ikkje ver redd for å prøve noko litt radikalt og gå vekk frå ting sånn dei alltid har vore, rår han.
Han oppmodar fylket også til å lytte til tilbakemeldingane som kjem frå både elevar og lærarar.







