Frå innsida av COP30: «Må innehalde meir enn tomme løfte og fine ord»
– Noreg må bli med på det globale pushet som er sett i gang, skriv Selma Abigael Fonneløp (21) og Mikkel Ellis Inchley (21) frå Natur og Ungdom i eit reisebrev frå FNs klimatoppmøte.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
Hei! Vi er Selma Abigael Fonneløp (21) og Mikkel Inchley (21), og har reist til Belém i Brasil for å representere Natur og Ungdom på FNs klimatoppmøte, COP30. Følg med på reisa vår!
«Bla bla bla, Belém, bla bla bla». Det var laurdag 15. november, og høgtalarstemma på flyet snakka berre på portugisisk.
Vi forstod ikkje eit ord, anna enn at vi no hadde landa, og var framme i hovudstaden i Para-distriktet i Nord-Brasil, dette årets vertskapsby for FNs klimatoppmøte. Med koffertane fylte med planleggingsbøker for fossilutfasing var vi spente.
Ut av døra på flyet vart vi møtte av ein lang portal, der vegger og tak var tapetsert med bilete av palmeblad og papegøyar, bada i eit intenst grønt lys. Årets klimatoppmøte er lagt til byen Belém, ved munningen av Amazonas-elva heilt i kanten av den største regnskogen i verda. Det var gjort tydeleg frå Brasil at dei valde denne byen fordi dei ønskte at dette skulle bli eit klimatoppmøte med fokus på regnskog og natur.

Vi hadde inga tid å miste, og tok taxi rett til konferansen då vi kom ut av flyet. På vegen passerte vi store grøntområde med høge palmar og tett skog. Bygga som møtte oss då vi kom inn i byen var fargerike, men tydeleg slitne. Langs heile hovudvegen mot byen var murveggen dekt av måleri av dyr, fisk og plantar, måla i klare fargar. «Ser det litt nymåla ut?». Vi visste at denne byen hadde gått gjennom ei ganske drastisk «oppussing» før han vart innteken av politikarar, næringsliv og aktivistar frå heile verda.
I månadene før klimatoppmøtet hadde vi høyrt og lese mykje om valet av Belém som vertsby for det nest største klimatoppmøtet i historia, med over 56 000 delegatar. Brasil hadde lenge vorte sterkt kritisert for å velje å leggje dette arrangementet til ein by som verken har plassen eller infrastrukturen som trengst. På grunn av ein stor mangel på hotell og leilegheiter i byen, hadde prisane vorte ekstremt høge, og kravde store budsjett frå alle deltakarar, noko som har påverka kven og kor mange som har høve til å dra.
COP i år markerer ti år sidan Parisavtalen vart vedtatt. Då han vart underteikna av dei 195 medlemslanda, vart han feira som eit stort gjennomslag i det internasjonale samarbeidet mot å avgrense global oppvarming og nå netto null innan 2050. Likevel ser vi no at gapet mellom politikken, handlingane og ambisjonane til medlemslanda for å avgrense global oppvarming, og det ambisjonsnivået som faktisk trengst for å nå Parisavtalens mål er stort, og at vi er milevis unna å nå målet med avtalen.
I januar i år annonserte USA at dei trekkjer seg ut av Parisavtalen, og mange land blir stadig meir skeptiske til om verda vil få til ei globalt koordinert utfasing av fossile brensel.

I år er det viktigare enn nokon gong at det blir bevist at Parisavtalen faktisk verkar, og at land er i stand til å bli samde om ein rettferdig måte å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.
På COP i år er det politiske presset for ei global utfasing av fossil energi stort. Allereie på første dag av konferansen oppmoda Brasils president Luiz Inacio Lula da Silva landa i verda til å finne måtar å omstille seg vekk frå fossil energi saman på COP i år, og mange land og grupper med land har teke initiativ til måtar å internasjonalt koordinere dette arbeidet på.
Vi har fylt koffertane med notatbøker som det står «Fossil Fuel Phase Out Planner» på, og har så langt delt ut til over 50 ministrar og forhandlarar. Der oppmodar vi dei til å skrive planane sine for fossilutfasing, og ta dei med til forhandlingsromma. Mange synest det er veldig artig!
Så langt verkar det som om klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) har hatt nytte av utfasingsplanleggjaren sin. På tysdag annonserte nemleg Noreg at dei støttar EUs forslag til eit vegkart for fossil energi på ein pressekonferanse. Viss eit slikt vegkart blir vedteke, kan det vise korleis land saman skal fase ut fossil energi globalt.

Det er bra at Noreg stadfestar forpliktinga vi har til å omstille oss vekk frå fossil energi, som først vart vedteken på COP28 i Dubai. No er det viktig at det nye, globale pushet på fossilutfasing fører til ekte handling og utfasing av fossil energi i Noreg. Verda har stadfesta at fossilutfasinga må skje. Vegkartet må innehalde meir enn tomme løfte og fine ord. No må miljøministeren bruke skriveboka til å lage ein nasjonal utfasingsplan for Noreg for å oppfylle denne forpliktinga.
Mange land er samde, men det er også fleire som er imot. For at fleire land skal bli samde, manglar det finansiering på bordet. Som eit land som har tent seg rikt på fossil energi, kan Noreg bidra enormt, ved å leie an i det globale pushet på fossilutfasing, og leggje pengar på bordet til utviklingsland.
Bodskapen vår er tydeleg: Noreg må bli med på det globale pushet som er sett i gang, og sørgje for at utfallet av dette møtet får ekte verknader som fasar ut fossil energi. Det trur vi at Noreg kan gjere ved å gå i brodden som eit rikt, fossilproduserande land som viser andre fossilprodusentar at utfasing er mogleg.
Mange grupper er underrepresenterte på årets toppmøte. Mellom anna har Munduruku-folket frå Amasonas-regionen møtt opp for å krevje ein samtale med presidenten, meir deltaking og vern frå olje, gass og industri som øydelegg territoria deira. I staden for å høyre på dei, har Brasil sett inn store militære styrkar som skal sørgje for at dei ikkje kjem seg inn på konferansen.
I tillegg til å sitje i forhandlingar, dele ut planleggingsbøker for fossilutfasing, lese tunge FN-tekstar og vere med på aksjonar, har vi gjort nokre hyggjelege ting òg. Delstaten Pará har sin heilt eigen kultur, og veldig god mat. På søndag fekk vi bli med på båttur til ei øy i nærleiken, og på tysdag sat Selma i ein panelsamtale om aktivistars rettar ulike stader i verda. Å møte internasjonale aktivistar er både viktig og inspirerande.

No går konferansen inn i sine siste dagar. Vi følgjer nøye med, og legg press på Noreg for å gå føre i utfasinga av fossil energi. Ti år etter at Parisavtalen vart vedteken hastar det meir enn nokon gong.











