Klima og miljø

«Tåpeleg med nedlegginga av Svalbardgruva»

Det ville vore meir klimavennleg å produsere norsk kol, enn å halde fram slik vi gjer no, skriv Rowan Abraham Morken frå FpU.

Rowan Abraham Morken (17 år)
Styremedlem i Sogn og Fjordane FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I møte med klimadebatten vert eg stadig vekk forvirra.

Diskusjonen rundt den globale oppvarminga er nok ei av dei desidert største samfunnsdebattane av vår tidsalder. Det er ei sak som engasjerer mange, og derfor er det berre naturleg at løysingane som vert presenterte, er både mange og ulike.

Det som eg ikkje synest er like naturleg er at løysingane som vert vist fram som fanesaker for både norske miljøorganisasjonar, slik som Naturvernforbundet, og «grøne» parti, som MDG og Venstre, ofte verkar ulogiske og stundom direkte klimafiendtlege.

Eit klart døme på dette er avskaffinga av norsk fossilt drivstoff, til dømes kol. 

Meir klimavennleg med norsk kol

Sjølvsagt så er kolutvinning ein utruleg klimafiendtleg prosess og noko som Framstegspartiet også vil at det skal bli mindre av, men behov og forbruk endrar ikkje seg berre fordi du kuttar i forsyninga. 

Det er dette som er så tåpeleg med nedlegginga av Svalbardgruva. 

Då Sylvi Listhaug tok til orde for å gjenopne kolgruva på Svalbard, hovudsakleg for å hevde norsk suverenitet over øya, gjekk MDG-representant Frøya Sjursæther hardt ut mot det. Ho kalla det utruleg at Listhaug ville støtte utvinning av ei så forureinande energikjelde.

Grunnen til at eg meiner dette er tåpeleg er at det i grunnen ville vore meir klimavennleg å produsere norsk kol, enn å halde fram slik vi gjer no.

Blodkol frå Colombia

Noreg importerte nemleg over ein million tonn kol og koks i 2025 ifølge SSBOver halvparten av dette kjem frå Colombia.

Reisevegen til Colombia, er mykje lengre enn til Svalbard. 

Dette, i tillegg til den lågare kolkvaliteten, betyr sjølvsagt også meir CO₂ utslepp. Den kolombianske koldrifta imponere neppe i forhold til verken natur eller folkehelsa heller. Global Witness rapporterte at heile 48 miljøforkjemparar vart drepne i Colombia i 2024, og kom på fyrsteplass for mest miljøaktivistar drepne for tredje år på rad

Den kolombianske kolindustrien har halde på med grove menneskerettsbrot og miljøskader i lang tid, noko som har ført til at kolet vert kalla «blodkol» av både lokalbefolkninga og internasjonale organisasjonar. 

Likevel vel Noreg å importere over 600 000 tonn frå Colombia, sjølv når fleire industritoppar, blant anna frå Finnfjord smelteverk og sementfabrikkane til Heidelberg Materials, seier dei mykje heller ville ha tatt i bruk Svalbardkol. 

Eit meir moralsk alternativ

Det forvirrar meg at klimautslepp kan bli brukt som eit argument mot Svalbardgruva.

Det er klart at kolutslepp er skadeleg for klimaet, men då må ein kutte i behovet for kol og ikkje i forsyninga. 

Ei norsk Svalbard-gruve hadde produsert kol av høgare kvalitet, med mindre reiseveg og betre arbeidsforhold, samstundes som det hadde gjort oss meir sjølvforsynte og styrka norsk suverenitet over Svalbard i ei usikker geopolitisk tid. Vi må akseptere at norsk industri er avhengig av kol.

Når vi fyrst og fremst må bruke kol, synest eg vi bør bruke eit reinare, sikrare og meir moralsk alternativ. Slik som ei ny gruve på Svalbard.