Skrivekonkurranse

Skrivekonkurransebidrag: Attende til naturen

Korleis ser du for deg Noreg om hundre år? Det er spørsmålet Sigmund Ruset Sletten prøver å svare på i denne teksta.

Sigmund Ruset Sletten (21)
Publisert

Denne teksta fekk heiderleg omtale av juryen i Framtida sin skrivekonkurranse «Teknologi i framtida» .

Eg er ein av tre som sit i matsalen på omsorgssenteret. Kokken har knapt vore på kjøkenet i eit kvarter før han kjem ut med ei tjukk og brun, rykande stuing. Kokken er ung og mager. Han smiler når han set frå seg middagsskålene framfor dei tre gjestane ved bordet hans.

Eg er den eldste i forsamlinga, sikkert 30 år eldre enn den neste. Kroppen min er svak, men eg er like sprek i hovudet, trass i at eg er fødd i 2005.

Ho på andre sida av det vesle, runde bordet slit med å lyfte skeia til munnen. Eg har sett bilde av ho i sine glansdagar. Da hadde ho korte, vakre lokkar av mørkt, nøttebrunt hår, og sterke armar. Det er lite att av ho no. Håret er feittete og tynt, som ei gamal golvfille. Og armane … tja, ho var kanskje fjellklatrar ein gong i tida, men ho har nok gløymt det no.

Kokken hjelper ho med å eta. Han er ein av dei få som gidd. Vi gamle er sjeldan vare, ei byrde, spesielt her på bygda. I dag bur det 143 menneske på Vinstra. Byen var på sitt største i 2046, med over fire tusen innbyggjarar. Det er 80 år sidan.

Far og bror min døydde det året i flaumen. Helvetesofsen. Berre nokre dagar etter byfesten. Himmelen opna seg, og i tre veker var det som om alle dei sju hava fossa ned over verda. Far og bror min var noko lenger nede i dalen og hjelpte til som friviljuge. Det var jo hundrevis av menneske på flukt, oppover i dalsidene. Elva var 15 meter over den vanlege vassføringa. Eit kilometer breitt jordskred drog med seg pappa og bror min. Og 200 andre den dagen.

Folk begynte å flytte frå bygda. Eg og familien gjorde også det, og mor vart med meg. Syster mi budde allereie i byen da vi kom, og ho tok inn mor under taket sitt.

Seks år etter vart det installert fusjonsreaktor utanfor Gardermoen. Ei miniatyr-sol som skapte nok kraft til heile landet. Vasskraftverka vart avvikla; Fosen-folket (og -fuglane) kunne endeleg slappe av i turbin-fri vind; og sola på himmelen kunne sende strålane sine andre stadar enn panelkledde hustak. Det var ein stor utpust, ikkje berre i Noreg. Små og store land fekk sine eigne stjerner, og noko av verdas elende var borte.

Det budde snart 600 menneske på Mars i 2060, og over fem tusen på månen. Skytteltrafikk gjekk mellom himmellekamane som bussane ein gong hadde gjort i Oslo sine travle gater. Politikarane gav vel opp på kollektivtrafikk etter storflaumen i ’46. Vegane var øydelagde, og det var uansett så mykje folk i Tigerstaden at dei hadde nok med å finne rom og mat for alle.

Over dei neste ti åra såg det nesten ut til at verda gjekk rette vegen for ein gongs skuld. Bilismen gav seg i fleire av dei største byane i Europa. Å bygge gode jernbane-nettverk vart svært viktig i fleire land, og med tilnærma endelaus, rein energi frå fusjonen, vart utslepp av drivhusgassane kutta kraftig for kvart år. Oslo, som på 20-talet var heim til om lag 300 000 personbilar, var nå eit intrikat nettverk av gågater og skyskraparar.

Vi høyrde støtt spennande nyhende frå Amerika, der store protestar og folkerørsler ofte eskalerte mot randa av borgarkrig. Men ved presidentvalet i 2064 snudde det heile. Den nye presidenten klarte å overtala det splitta folket om å jaga eit felles mål. Amerikanarane foreina seg atter om å skapa og gjenreise moglegheitene sitt land.

Så kom Krigen. Eg vaks opp og lærte om tyskarane som tok seg inn i Noreg den 9. april, 1940. Vi leikte 3. verdskrig i friminutta på barneskulen.

Dette var noko anna. Alt skjedde på ein gong, og ingen forstod noko som helst.

Gratis straum, ingen bilar og altfor mykje glede og forventing for framtida var tydelegvis for mykje for somme. Dei grådige – dei mest menneskelege av oss. Dei var lei av å bli dytta ut i kantane. Kapitalismen hadde vore i eksil etter fusjonen og flaumen. Ein friskare og meir tilpassingsdyktig art hadde vakse fram, og dei gamaldagse følte seg snytt og tyrste etter rikdom.

Det var statskupp i Oslo. 8. mai – frigjeringsdagen. Det var da det heile begynte. Verda såg på mens Noreg gjekk inn i open borgarkrig. Syster mi og familien hennar flykta saman med mor. Det bar nordpå att til dalen. Mor ville ikkje reise. Ville ikkje attende dit flaumen hadde råka oss verst. Men noko verre enn flaumen kom no. Dei grådige – dei mest menneskelege av oss gjekk til åtak på den nye arten. Den arten som hadde heile framtida for seg; som skulle fikse verda; som skulle rette opp i alle feil.

Krigen spreidde seg som eld i turt gras. Eg stod på frontlinjene. Eg var 70 år den gongen. Ung og sprek i forhold til det eg er no. Eg hugsar det så vel. Krigen. Korleis den endra meg. Korleis den endra oss alle.

Utanfor Malmö i mai, 2075. Vi sprengte brua over Øresund. Eit arkitektonisk meisterverk frå det førre hundreåret. Samanbindinga mellom Skandinavia-halvøya og fastlands-Europa. Eg hugsar korleis røyken steig opp frå København, på andre sida av sundet, som fjell opp i himmelen. Malmö var eit inferno.

Så kom slaget om Göteborg. Store hærar frå Europa, dei grådige, dei som kom for å ta, for å erobre meir for seg sjølv. Dei «Blåe» kalla vi dei. Slaget vara i om lag eit år. Det var ein gamaldags krig. Andlet til andlet, våpen i hendene, sjukdom og svolt. Domedagsbombene låg framleis og samla støv i bortgøymde kjellarar, slik dei hadde gjort i hundre år. Var det ein snev av sympati frå dei Blåe? Nei da, dei ville berre ikkje risikere å utslette all rikdomen som låg i fjell og sjø; rikdom dei enno kunne hamstre.

Han til venstre for meg tek til å gråte. Eg blir rive ut av tankane mine. 90-åringen har alltid vore melankolikar. Han var fødd inn i ei verd av skjermar. Han utvikla seg sakte, seigare. Slik alle andre i hans generasjon gjorde. Sosialt utfordra. Opphengt i bagatellar som perfekte kroppar og merkeklede, i ei tid kor livsmeistring vart rekna i likarklikk og sjåartal.

Eg får plutseleg eit minne kasta til meg frå djupt i underbevisstheita. Der står mor mi for meg. I eit hjørne i stova heime. Huset som ikkje står der lenger. Eg sit med eit flunkande nytt nettbrett, med ladekabelen plugga inn i veggen. Det er mamma sin jobb-iPad. Som eg har fått lov til å laste ned spel på. Eg ser opp på ho og ho seier bestemt, på den viktige måten mamma alltid seier viktige ting på: – Du får ikkje spele for lenge, da, Sigmund, elles får du firkanta augo!

Minnet blir borte like fort som det kom. No strøymer det tårer frå auga mine òg. Kokken reiser seg og dreg stolen rundt bordet, inn mellom meg og han til venstre. Eg kjenner den varme, sterke handa hans.

Göteborg var forferdeleg. Hausten i 2076 var kald og våt. Eg begynte å kjenne at eg var gamal. Kjente alderdomen i knoklane. At dei var slitne og skjøre. At eg ikkje kunne bera like tungt, eller springe like langt som dei yngre i troppen. Men kroppen min var den minste bekymringa. Det kom folk frå sør for å drepa oss. Europa var ei brennheit slagmark, og brannen spreidde seg.

Situasjonen i Noreg hadde derimot stabilisert seg noko. Dei revolusjonære hadde vorte jaga ut av Stortinget nokre månadar etter statskuppet. Det var Oslo kommune som organiserte operasjonen. Sidan hadde byen vore ei høgborg i Opprøret mot dei Blåe. Andre byar som Trondheim, Bergen og Kristiansand var framleis ustabile, Opprøret sleit med å få fotfeste. Men på Lillehammer hadde dei Blåe blitt pressa ut.

Og det siste eg hadde høyrd, var at syster mi, og mor, var trygge der. Eg ville heim til dei.

Forferdelege Göteborg. Eit evig slag sjakk, før vi omsider klarte å presse dei Blåe ut av byen og ned langs kysten. Vi var 1 mot 100. Det var luftforsvaret som redda oss. Oslo hadde etter to års kringsetting av Gardermoen klart å ta over den svært strategiske posisjonen. Dei kom med passasjerfly og jegerar. Dei pressa langs heile svenskekysten. Og vi kjempa som gale. Utsvelta og lengtande heim.

Massakren i Malmö. Brua var sprengt. Der stor dei. Hundre tusen stakkarslege unggutar og fraus i seinvinteren. Hæren til dei Blåe. Leigesoldatar. Tvinga ut i Krigen. Dømt til å døy.

Eg skremmast framleis av tanken. Eg klarte aldri å skyte. Det var urettferdig. Men skota fauk som snøfnugga i lufta forbi øyra mine. Fòr ned over kjøtt og bein. Bora seg djupt og igjennom. Frå himmel og frå jord. Skrika var evigvarande. Dei er evigvarande.

Krigen hadde redusert oss til monster. Rebellar og revolusjonære jamstilt. Raude og blå. Vi var ikkje så annleis enn vi trudde.

Eg vart dimittert i ’78. Eg var for gamal. Krigen tok ikkje slutt før nokre år seinare, men eg kunne ikkje brydd meg mindre. Eg ville heim. Heim til mor.

Toget til Oslo var nedslite og tungpusta. Krigen hadde bøygd skjenene. Eg såg byen for fyrste gong på tre lange år. Dei lengste i historia.

Ein grøn oase fylte synet mitt. Der tårna opp frå fjordkanten ein skog av skyskraparar kledd i tre og blomar. Mellom høghusa gjekk menneske på sjølvsnikra bruer. Butikkar og drivhus fylte dei gamle toppleilegheitene og kontora. Toget rulla inn på Sentralstasjonen, og eg gjekk ut i ein hage. Mange av dei gamle plattformene var borte, og framfor meg låg paradis. Framtida i éin by.

Mamma låg i sjukesenga da eg og familien min kom til Vinstra nokre dagar seinare. Ho var gamal, men framleis mamma. Eg fortalde om krigen, og ungane om livet i Oslo.

Mamma likte tanken på framtida.

Eg gjekk ut att i dagen. Eg hadde gløymt korleis heimen min såg ut, eg kjende han nesten ikkje att. Djupe kløfter og juv prega dalsidene. Mange av gardane var borte og jorda attgrodd. Grenda eg vaks opp i var gløymd. Elva følgde eit anna løp no enn sist eg såg ho.

Folk har halde fram med å flytte til byen i alle år sidan. Byen har vorte så fin. Ungar veks opp og les i bøker om bilar slik eg las om hest og kjerre. Draumen om å utforske verdsrommet er ekte att – ikkje drive av pengar og utvinning. Atter kryssar pionerane dei store hava med vind i seil.

Eg er 121 år gamal. Kvifor eg måtte bli så gamal veit eg ikkje – men, kanskje ville nokon at eg skulle sjå at ting kan gå bra i denne verda?

Eg er ferdig med å eta. Eg trillar sakte ut av matsalen og ut i hagen.

Bygda mi. Som skal bli borte. – Men, ho går attende til naturen, tenkjer eg. Framtidige utforskarar skal kartlegge denne dalen. Dei vil sjå eit anna landskap enn nokon andre har gjort før. Og dei skal gje dalen eit nytt namn. Akkurat slik alt anna blir kalla nye ting no til dags. Vi har begynt å kalle Jorda for Tellus, fordi vi i framtida må kunne skilja på kva for jord vi pratar om. Men Jorda kjem alltid til å vera ein trygg stad å koma attende til, sjølv kor annleis ho ser ut. Jorda er som denne dalen.

Ho er heimen vår.