Adaline (30) vil ikkje vere trans i Trumps USA – flytta til Noreg for å lære nynorsk

Hadde det ikkje vore for at ho fekk ein lidenskap for nynorsk, ville ho heller ha flytta til Spania, seier Adaline Simonian.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Det kjennest som at eg ikkje har ei framtid i USA. Korkje for meg sjølv, eller om eg vil ha born. Eg vil ikkje at borna mine skal vekse opp i eit så forferdeleg land, seier Adaline Simonian.

Vi møter 30-åringen i Bergen, der ho har vore busett sidan august saman med sambuaren sin Olivia. Dei er båe fødde og oppvaksne i USA, men Olivia har norske aner. Det var nettopp desse røtene som skulle bli avgjerande for kor dei to enda opp.

Skulle berre lære litt

Adaline har vakse opp med både engelsk, russisk og armensk som morsmål. Olivia hadde lyst til å lære meir om bakgrunnen til kjærasten, så hen byrja å lære seg russisk.

I retur ønskte Adaline å lære litt norsk.

– Eg ønskte å lære litt, berre nok til at eg kunne ringe familien til Olivia i Oppdal og seie hei hei! Eg kan språket ditt!, eller kanskje omsette nokre dokument i slekta, seier ho.

Adaline byrja med norsktimar med ein privatlærar på nett. Så fekk ho blod på tann. Ho vart aktiv i nettverk på internett med andre som lærte norsk, og fekk etter kvart også norske vener. Snart hadde ho kjenningar i Bergen, andre stader på Vestlandet, i Oslo, i Lofoten.

– Eg heldt fram å lære, og så oppdaga eg at bokmål er dansk. Så då byta eg til nynorsk med ein gong, fortel ho.

Og no sit ho altså på ein kafé i Bergen og gjer intervju på nettopp nynorsk.

– Har aldri trivest i USA

Adaline fortel at ho aldri eigentleg har kjent seg heime i USA. Ho vaks opp i ei armensk og russisk boble i Sør-California, med russiske animasjonsfilmar og tv-seriar. På tv-en såg ho bjørkeskog, snø og is, tette byar med trikkar. Ting ho aldri såg rundt seg. Ho kjende seg som ein fisk ute av vatn.

– Eg har aldri trivest i USA. Det er eit gærent land fullt av gærne folk – folk som er veldig hyggelege, som er venene mine og eg er veldig glad i dei. Men ein vanleg amerikansk by er heilt forferdeleg. Du må køyre hit og dit, det er nesten ingen kollektivtransport, det er ingen velferdsstat.

– Og så kom Trump, seier ho.

Noreg rundt

I 2024 var Adaline og Olivia på ferie til Noreg i to veker. Dei flaug til Oslo, tok Bergensbana vestover, og køyrde nordover til Trondheim, via Oppdal for å vitje slektningar.

Då turen var over, var dei einige: Her kunne dei bu. Dei byrja å søke jobbar. Adaline fekk etter kvart jobb som utviklar i TV 2. Så var det gjort – i august tok dei med seg flyttelasset og flytta til Bergen.

Dei la bak seg eit land der Trump-regjeringa fjerna rettane til transpersonar. Noko av det første som skjedde etter at han kom til makta, var at transpersonar som måtte fornye passet sitt, fekk oppgitt kjønn tildelt ved fødsel i dokumenta. Mellom anna Euphoria-skodespelar Hunter Schafer fekk ferda ut eit pass med feil kjønn.

– Eg såg at Trump brukar oss som syndebukkar. Vi har sett gjennom historia kva som skjer med syndebukkar under fascismen. Det har eg ikkje lyst til å oppleve, seier Adaline.

– Heilt jævlig

Adaline Simonian må likevel leve vidare med uvissa. Passet hennar går ut i 2028, og kvart år i Noreg må ho fornye opphaldsløyvet.

Adaline er fødd i USA, men begge foreldra hennar er innvandrarar. Det vil seie at ho har såkalla «birthright citizenship», noko Trump-administrasjonen har lyst til å fjerne. Kanskje kan ho miste passet sitt fullstendig.

Kva skjer om ho ikkje kan få nytt pass? Vert ho kasta tilbake til USA? Og viss det er så ville tilstandar i USA no, korleis kan det sjå ut om to år?

– Den uvissa er heilt jævlig å leve med, for å vere heilt ærleg, seier ho.

Ho kan ligge søvnlaus om natta. Ho undrar på om det er betre å prøve å få fornya passet no, eller om ho skal satse på at ho kan gjere det om nokre år.

– Eg er juridisk sett ei kvinne. Om eg får tilbake eit pass der det står at eg er mann, kan det skape problem for meg med Utlendingsdirektoratet? Med Folkeregisteret? Skatteetaten? Det veit eg ikkje. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Eg er damned if I do, damned if I don’t, seier ho.

Resept frå Spania

Sjølv om det er tøft å vere trans i USA for tida, er det også utfordringar i Noreg. Adaline hevdar at helsevesenet i Noreg er «heilt forferdeleg» for transpersonar.

– I Washington kunne eg gå til legen og seie at eg ville halde fram med behandlinga eg hadde i California, og eg fekk resept etter nokre dagar. Her er du heldig viss du får hormon av fastlegen.

Simonian enda opp med å finne ein privatlege i Spania som kunne skrive ut reseptar på hormon til henne.

– Eg gjekk ikkje ein gong til fastlegen. Eg har høyrt så mange skrekkhistorier frå andre som bur her, seier ho.

Kom for språket

Simonian understrekar at det først og fremst var lystprega at dei flytta til Noreg. Det var språket som trekte henne hit.

– Om eg berre ville unngå det som skjer i USA, og få topp behandling som transperson, ville eg kanskje ha flytta til Spania, seier ho.

Ho er ikkje i tvil om at nynorsken har hjelpt henne med å få det norske språket under huda. Ho peiker på at det ligg nærare mange dialekter.

– Eg trur aldri eg hadde fått ei så god kjensle av språket frå innsida om eg berre lærte bokmål. Kanskje hadde det vore lettare med bokmål viss eg berre satsa på å lære meg bymål og prate med byfolk. Men viss eg faktisk skal kunne prate språket, forstå folk frå heile landet, og sjå det vakre som ligg i språket, må eg lære heile språket. Å lære bokmål er berre å lære halve språket, seier ho.

Men ho er frustrert over kor lite tilgjengeleg nynorsken er. Ho har skaffa seg lærebøker og romanar på nynorsk, skrudd alt av innstillingar på mobil og pc over til nynorsk, der det går an.

Men ofte, til dømes i appar eller i operativsystemet til Android, er det berre bokmål som er tilgjengeleg. Då opplever ho at nynorsken ikkje strekk til.

Ho skulle ønske ho møtte på meir nynorsk i det offentlege rom, og skulle også ønske hennar eigen arbeidsplass, TV 2, vart tvinga til å bruke meir nynorsk, akkurat som NRK blir.

– Den offentlege sfæren må støtte opp under språket. Viss vi vil halde nynorsk i live, må vi endre denne tilstanden, seier ho.

– Meir og meir splitta

Medan Trump-rørsla brukar skeive som syndebukkar, og ungdomsparti profilerer seg med «Fuck nynorsk», fryktar Adaline eit meir skyttargrav-prega samfunn.

– Vi blir meir og meir splitta, seier Adaline.

– Meir og meir sett opp mot kvarandre; meir skeptiske til kvarandre.

Ho meiner det som trengst ikkje er debatt, men dialog. Vi må ikkje stenge oss inne i våre eigne bobler, men komme nærare kvarandre. Finne felles grunn.

– Ein kan ha fakta på si side, men folk vert ikkje overtydde av fakta. Når nokon uttrykker ei meining du har vanskar med å fatte, som kanskje er basert i frykt eller dårlege opplevingar, må vi sjå mennesket som er i kvar person, anerkjenne kjenslene deira og prøve å komme nærare dei. Først når du forstår eit menneske, kan du byrje å bygge ein relasjon og ei forståing som er basert i fakta.

Ho hevdar at sosiale medium vert styrte av milliardærar som tener på å splitte oss.

– Dei vil at vi skal bevege oss i ei retning eg ikkje vil at vi skal gå i. Fascisme er bygd på splitting i samfunnet. Vi treng heller å komme saman, seier ho.


Les også: Livet som «ekstremist»: Natasha kjempar for skeive i Russland

Den russiske LHBTQ-aktivisten «Natasha» har stor tru på den yngre generasjonen.