Libanesiske Rodolph (26) og Serge (19) vil halde landet sitt unna krig med Israel
Begge håpar konflikten vil føre til at Hizbollah får mindre makt i Libanon.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Eg trur det som skjer, kan føre til positiv endring om Hizbollah blir eliminert, sjølv om det er frykteleg at sivile blir skadde og drepne.
Det seier Serge Tachdijan når Framtida.no ringer han opp på WhatsApp. For tida er han på Erasmus-utveksling i Tallinn i Estland for å studere statsvitskap, men 19-åringen er opphaveleg frå Libanon, og aktivist i sivilsamfunnet i hovudstaden Beirut.
Tachdijan meiner historia viser at fleire land ikkje ser skikkeleg endring før dei har vore gjennom vanskelege periodar der dei har mått ofre og lide.
Han bekymrar seg for familie og venar heime, men seier situasjonen er verre for dei som bur i det sørlege Libanon, sidan så mange prøver å flykte nordover.
– Mange blir sitjande fast i trafikken, dei er slitne og vegane er stengde, samstundes som heile sør blir bomba, seier Tachdijan.
Flyktningar i eige land
28. februar gjekk Israel og USA saman til åtak mot Iran. Libanon vart dratt inn i krigen etter at gruppa Hizbollah fyrte av rakettar mot Israel for å hemne drapet på den iranske leiaren Ali Khamenei.
Fredag 6. mars er det stadfesta over 120 personar drepne og over 600 skadde i Libanon, ifølgje al-Jazeera.
Rodolph Zgheib (26) bur i Libanon, i nærleiken av Libanonfjella. Han er den internasjonale sekretæren for partiet Lebanese Forces sin studentorganisasjon, og jobbar som prosjektleiar i lokale veldedige organisasjonar.
Lebanese Forces er det største partiet i parlamentet, og ein del av samarbeidsregjeringa i Libanon.
Vanlegvis drar han inn til Beirut for å arbeide, men sidan krigen braut ut har han arbeidd heimanfrå.
– Folk lever i usikkerheit frå dag til dag. Halve befolkninga bur no sentralt i landet, og infrastrukturen taklar det ikkje, seier Zgheib når Framtida.no ringer han opp på WhatsApp.
Han bur i eit trygt område, men han har familie som bur i den sørlege delen av Beirut, der Israel har sleppt fleire bomber. Leilegheita deira står framleis, men familien har flykta, og han trur det blir ei stund til dei kan flytte heim att.
Zgheib fortel at dei som har pengar, kan sjekke inn på hotell, men at dei aller fleste fordrivne ikkje har råd til det. Dei som ikkje kan bu med familie held til på offentlege skular.
Kven er Hizbollah?
Hizbollah er ei væpna islamistisk gruppe i Libanon som vart etablert på 80-talet i det sjiamuslimske miljøet i det sørlege Libanon, med støtte frå Iran. Dei kjempa mot den israelske okkupasjonen av det sørlege Libanon og gjekk til åtak mot amerikanske og franske fredsbevarande styrkar i Beirut.
Dag Henrik Tuastad, som forskar på Midtausten ved Universitetet i Oslo, forklarar at Hizbollah er meir enn ei militær gruppe.
– Etter denne første perioden bygde Hizbollah seg opp som både ei sosial og politisk rørsle, og ikkje berre ei ikkje-statleg væpna rørsle, med støtte frå Iran, seier han på telefon til Framtida.no.
I dag har gruppa to medlemar i regjeringa, og er det tredje største politiske partiet i parlamentet i Libanon.
Eit forbod å følgje opp
Måndag forbaud styresmaktene i Libanon Hizbollah frå militær aktivitet, ifølgje Reuters. Sidan då har det både vore åtak frå Israel i det sørlege Libanon, og i sørlege delar av Beirut, der Hizbollah skal ha eit sterkt fotfeste, og Hizbollah seier dei har fyrt av rakettar mot det nordlege Israel, ifølgje al-Jazeera.
– Dei har ei væpna grein og ei politisk grein, og det er ikkje nødvendigvis sånn at den politiske greina styrer den militære greina. Den militære greina har ei eigen organisering og leiing, fortel Tuastad.
Rodolph Zgheib frå Libanon understrekar at det ikkje er enkelt for dei libanesiske styresmaktene å få avvæpna Hizbollah. Sjølv om han trur militæret deira kunne fått det til, er det ei politisk splitting i både parlamentet og elles i landet.
Etter konflikten mellom Israel og Hizbollah i 2024, vart det inngått ei våpenkvileavtale, som blant anna plikta til avvæpning av væpna grupper i Libanon.
At Israel no har gått inn i det sørlege Libanon, samanliknar 26-åringen med då landet gjekk inn i Libanon i 1982 for å ta Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), som då hadde hovudkvarteret sitt der.
– Det er det same scenarioet. Israel seier at dei libanesiske styresmaktene ikkje avvæpnar Hizbollah, så vi gjer det for dykk, seier Zgheib.
Tuastad fortel at noko av grunnen til at mange i Libanon ikkje likar Hizbollah, er fordi dei meiner landet blir halde som gissel av gruppa.
– Når dei angrip Israel svarar Israel massivt militært, og det går utover heile landet. Hizbollah sine åtak er ikkje under statleg kontroll, og dei dreg landet ut i krig med Israel.
Fredag seier Hizbollah på meldingstenesta Telegram at dei står bak fleire åtak mot Israel, og at det er hemn for åtaka frå Israel mot Libanon.
Regimefall i Iran?
Det er vanskeleg å seie kor lenge konflikten vil vare. 19 år gamle Serge Tachdijan håpar og trur at USA vil halde fram til det blir eit skikkeleg regimeskifte i Iran.
– Vi må tenke langsiktig. Sjå til kva dei gjorde i Syria og Venezuela. Vi må forvente eit nytt regime i Iran, seier han.
Førebels er sonen til Ali Khamenei, Mojtaba Khamenei, peika ut som den nye leiaren i Iran, men det er ikkje sikkert han kan halde på makta. Dersom regiment i Iran fell, mistar Hizbollah sin viktigaste økonomiske støttespelar, og då meiner Tachdijan at dei kan bli fullstendig kvitt Hizbollah, både militært og politisk.
Rodolph Zgheib er ikkje like sikker. Han meiner Israel kjem til å halde fram til dei har avvæpna Hizbollah, men at den politiske deltakinga til gruppa er annleis, sidan dei er ein minoritet i parlamentet.
– For oss går det fint å ha dei som eit politisk parti, men vi kan ikkje ha det slik at eitt parti er væpna. Enten har alle politiske parti våpen, eller så har ingen av dei våpen, seier Zgheib.
Utset valet i Libanon
Parlamentet blir uansett ikkje endra med ein gong. Libanon hadde eigentleg planlagt eit val i mai, men parlamentet har uttala at dei kjem til å utsette det på grunn av konflikten, ifølgje Reuters.
Donald Trump har sagt at krigen mot Iran skal vare i fire til fem veker, men også at det kan vare «mykje lenger», ifølgje The Guardian.
Dag Henrik Tuastad er skeptisk til at USA kjem til å la konflikten strekke seg ut altfor lenge.
– Så lenge Iran evnar å skape kaos i nabolanda vil det bli eit press mot USA for å avslutte, sidan det er dette viktige mellomvalet i år, seier han.
Sjølv om mellomvalet i USA er i november, kan valkampen starte opp i mai, og den trur han blir vanskeleg for republikanarane om dei har ein krig som føregår.
Libanon vil ikkje vere i krig
På kort sikt trur Tuastad dei libanesiske styresmaktene kjem til å fokusere på at konflikten er mellom Hizbollah og Israel.
– Så vil det nok kome eit oppgjer i etterkant, der det blir endå større krav om avvæpning av Hizbollah, viss det ikkje allereie er sluttproduktet av konfrontasjonen med Israel.
Det rimar med det både Serge Tachdijan og Rodolph Zgheib seier: Dei libanesiske styresmaktene må halde landet unna krig med Israel.
– Krigen er ikkje mot dei libanesiske styresmaktene, han er mot Hizbollah, seier Tachdijan.











