Draumeleiligheit til låg pris – mot å vente til eigaren døyr før du kan ta over?

I Frankrike kan du gjennom viager-ordninga kjøpe bustad rimeleg mot at du må vente til eigaren er død før du får ta over bustaden.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

I Frankrike har dei eit ganske unikt system for bustadkjøp, der ein har høve til å kjøpe bustad rimeleg – mot å vente til eigaren er død før ein kan ta over.

Gamalt konsept

Viager-systemet kjem heilt frå romartida, der eldre folk gav eigedommane sine til born eller andre arvingar, i byte mot ein mindre sum og høve til å kunne halde fram å bu der, fortel Fréderic Coubronne, som driv eit viager-byrå i Paris, til CNN.

Systemet blei formalisert av Napoleon på 1900-talet, også i fleire av landa han styrte, og det finst liknande system i Frankrike, Spania, Italia og delar av Belgia.

Med bustadkrise og låge pensjonar, har systemet blitt meir og meir populært sidan 2. verdskrig.

Kort oppsummert

  • Ein viager er ein bustadtransaksjon som er populær i Frankrike, der kjøparen betaler ei forskotsbetaling og så ei rekke månadlege betalingar så lenge seljaren lever.
  • Seljarar er ofte enker/enkemenn og eldre utan born, som treng ekstra inntekt.
  • For den som kjøper gir systemet høve til å kjøpe bustad til om lag halv pris.

 

Det er hovudsakleg to måtar å kjøpe gjennom viager-systemet:

  • Ein kan kjøpe og flytte inn med ein gong, men betale seljaren ein fast sum kvar månad resten av livet til seljaren.
  • Ein kan kjøpe og betale ein sum ved kjøp, så ein fast månadssum resten av livet til seljaren, men du kan ikkje ta over bustaden før seljaren er død.

I om lag 90 prosent av viager-bustadar bur seljaren der til dei døyr, eller forlèt bustaden for å komme på sjukeheim, til dømes. Om lag 30 prosent av bustadane blir ledige før seljaren døyr. Berre 5 prosent står ledige frå kjøpsdato.

Gambling

I annonsane står det oppgitt kor gamal eigaren er, kjønn og forventa levealder. Forskotsbetalinga er på 15–30 prosent av marknadsverdien og dei månadlege betalingane vert rekna ut basert på dagens marknadsverdi, og så trekker ein frå utifrå forventa levetid. For kjøparen blir det dimed ei slags gambling på å betale minst mogleg, dersom seljaren døyr etter kort tid – eller å potensielt betale meir enn marknadsverdi om seljaren lever veldig lenge.

Det skjedde i tilfellet med Jeanne Calment, som vart 122 år gamal. Som 90-åring selde ho heimen sin til ein 47-åring gjennom viager-systemet. 30 år seinare levde ho framleis, medan kjøparen hadde døydd 77 år gamal og familien måtte halde fram å betale den månadlege summen på 500 euro fram til Calment døydde tre år seinare.

– Ein er aldri for gamal til å gjere ein god deal, skal ho ha sagt.

Dømt for drap

I eit anna meir makabert tilfelle vart 92-år gamle Yvette Brisset funnen død i senga på sjukeheimen ho budde på i mai 2019. Ho hadde blitt kvelt medan ho åt madeleinekake, som ho tidlegare den dagen fekk av Alain Jousselin.

Det einaste som knytte dei to saman var at Jousselin, som då var 60 år gamal, hadde kjøpt bustaden til Brisset 25 år tidlegare gjennom viager-ordninga. Sidan 1995 hadde han betalt ho ein fast sum på rundt 5800 kr i månaden etter viager-avtala.

Han vart dømt for aktlaust drap, og viager-ordninga vart ein av dei fellande prova.