Rådgjevaren vil vise at økonomi ikkje treng å vere komplisert eller vanskeleg.
– Det beste med jobben er å kunne hjelpe menneske med ulike økonomiske behov i kvardagen deira, skriv William Ferdinand Hansen på e-post til Framtida.
Han er finansrådgjevar og ungdomsøkonom for Sparebank 1 Nord-Noreg og møter mange forskjellige problemstillingar i løpet av ein arbeidsdag. Det er spesielt meiningsfylt når han kan hjelpe kundane i banken med gode råd, eller når han drar på skulebesøk.
William Ferdinand Hansen
Alder: 27
Frå: Alta
Yrke: Finansiell rådgjevar i Sparebank 1 Nord-Noreg
Utdanning: Bachelor i økonomi og administrasjon
– Som ungdomsøkonom set eg spesielt stor pris på moglegheita til å lære unge om privatøkonomi – noko eg sjølv sakna då eg gjekk på ungdomsskule og vidaregåande.
Svarer på spørsmål
Jobben hans er todelt, og 90 prosent av tida er han finansiell rådgjevar som hjelper privatpersonar med store og små spørsmål. Det handlar om alt frå bank til forsikring og privatøkonomi.
– Dei siste 10 prosentane jobbar eg som ungdomsøkom, der eg reiser rundt til ungdomsskular og vidaregåande skular og held føredrag om privatøkonomi, skriv rådgjevaren.
Ein vanleg arbeidsdag hjelper han kundar på telefon og digitale kanalar.
– Det kan vere alt frå dagleg bank og BankID, til meir komplekse saker som lån, økonomiske utfordringar eller dødsbu.
Økonomi i praksis
Økonomi har alltid vore eit interessefelt for 27-åringen frå Alta, som er grunnen til at han valte nettopp denne yrkesvegen.
– Mange er interesserte i pengar, men eg er spesielt oppteken av strukturen i økonomien og korleis økonomiske forhold påverkar enkeltmenneske og samfunnet rundt oss.
Ved å jobbe tett på menneske i alle moglege situasjonar får han sett korleis økonomi og forvalting fungerer i praksis.
Forventingane han hadde til jobben stemte godt med det han har møtt.
– Eg forventa ei bratt læringskurve og mykje ny kunnskap innan ulike økonomiske tema, og det har eg absolutt fått. Det er noko eg trivst svært godt med.
Hansen har ein bachelor i økonomi og administrasjon, og sjølv om det er godt å ha med seg, førebudde ikkje utdanninga han på alt.
– Ho gav eit godt grunnlag og nyttig kunnskap frå fleire fag, men mykje av det spesifikke innan bank og finans har eg lært gjennom praksis og erfaring i jobben.
Vil hjelpe andre
Rådgjevaren meiner det er ei vanleg feiloppfatting at bankrådgjevarar ikkje vil hjelpe kundane sine. Ein avslått lånesøknad, eller at ein ikkje finn ei løysing med ein gong, blir opplevd som manglande vilje.
– I realiteten handlar dette om ansvarleg rådgjeving, og å vareta kunden sitt beste på lang sikt.
Det mest utfordrande han opplever i jobben, er dei samtalane der han ikkje har høve til å løyse kunden sine problem med ein gong.
– Spesielt når økonomiske utfordringar har vart over tid, kan samtalane vere tunge. Samstundes er dette viktige samtalar, og dei gir jobben ei djupare meining.
Hansen trur yrket passar godt for dei som likar å løyse problem, er interesserte i økonomi og menneske, og som trivst med å halde seg oppdaterte på faget sitt.
– Det er også ein fordel å vere fleksibel og løysingsorientert i møte med ulike situasjonar.
Vil vise at det ikkje treng å vere komplisert.
Noko av det mest utrulege som har hendt rådgjevaren, er knytt til arbeidet som ungdomsøkonom.
– Eg heldt eit føredrag for ei klasse i Hammerfest der alle elevane følgde nøye med, var engasjerte og oppriktig interesserte. Å oppleve det engasjementet, gjorde sterkt inntrykk på meg.
Hansen drøymer om å kunne opplyse endå fleire om privatøkonomi i framtida.
– Eg ønsker å vise at økonomi ikkje treng å vere komplisert eller vanskeleg, men noko alle kan meistre. Klarer eg å bidra til at fleire får betre kontroll og tryggleik i eigen økonomi, er eg meir enn fornøgd.







