Lærarane til Julie (17) skreiv nynorsk til halve klassen
Odda ungdomsskule har lange tradisjonar for to skriftspråk. No er det nynorsk som dominerer i samanslåingskommunen Ullensvang.
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
Retting: I første versjon av denne saka stod det at Ullensvang kommune var slått saman av Odda kommune og Jondal kommune. Dette er no retta til å òg inkludera Ullensvang herad.
– Eg synest jo det er ganske fascinerande at sjølv om me er ein nynorskkommune, så er det framleis ein god del bokmål her òg.
Julie Flotve (17) går første året på elektrolinja på vidaregåande. Ho kjem frå Odda i Ullensvang, ein stad som har lange tradisjonar for å læra opp bokmåls- og nynorskelevar side om side.
Fargekodar etter målform
På barneskulen gjekk ho i ein eigen nynorskklasse, medan ho på ungdomsskulen gjekk i ein klasse med både bokmåls- og nynorskelevar.
– Det funka eigentleg greitt, fortel Flotve på telefon til Framtida.no.
Ho fortel likevel at det kunne det bli litt styr med lærar som måtte gje elevane oppgåver på to ulike målformer. Dette vart løyst med fargekodar, slik at lærarane kunne sjå kva elevar som skulle ha kva oppgåve.
– Når dei skulle skriva ting på tavla måtte dei velja mellom bokmål og nynorsk, forklarar ho, som trur det resulterte i om lag 50 prosent av kvar målform.
Elevane var i ein blanda klasse for å få nye klassestrukturar etter barneskulen, men hadde norsk saman med elevar som hadde same målform.
På ungdomsskulen var det tre parallelle klassar med rundt 17 elevar i kvar klasse, der det var begge målformer i kvar klasse.
Fordel med eigne nynorskklassar
Skuleåret 2024/2025 har 77 prosent av elevane på Odda barneskule nynorsk som hovudmål. På ungdomsskulen har 66 prosent nynorsk som hovudmål, og 34 prosent bokmål som hovudmål.
Flotve er engasjert i ungdomsrådet i Ullensvang, og sat i elevrådet på skulen då regjeringa gav elevane rett på språkdelte klassar. Elevrådet vart inkludert og bestemte sjølv at dei ville halda fram med klassane dei hadde blitt kjent med, ein prosess Flotve rosar skulen for å inkludera elevane i
– Er det ein fordel med eigne klassar i bokmål og nynorsk?
– Ja, for læringa synest eg det kan vera ein fordel, slik at ein slepp å bruka litt av tida vår på at lærarane dillar litt med det. Men eg synest framleis det er greitt å byta litt på klassar når ein kjem frå barneskulen.
1,3 millionar kroner til ein klasse
Ordførar i Ullensvang Roald Aga Haug fortel at kommunen har eit rikt dialektmangfald som kan minna om alt frå Telemark og Ryfylke, til Hardanger og «bymål».
– Det verkar som folk har ein sterk språkidentitet og er flinke til å halda på dialekta, og dei er stolte av dialektane sine, forklarar han på telefon til Framtida.no.
Ullensvang er slått saman av gamle Odda kommune, som var språknøytral, og Ullensvang herad og Jondal kommune, som var nynorskkommunar. Den nye kommunen har nynorsk administrasjonsspråk, men tek med seg arven frå Odda, som har lange tradisjonar med språkdeling.
Odda kommune har nynorsk og bokmålselevar på alle trinn og hadde eigne klassar for desse òg på ungdomsskulen. Kommunen har prioritert språkdelte klassar i ungdomsskulen allereie før det vart eit lovkrav.
Ullensvang kommune reknar om lag 1,3 millionar kroner i ekstrakostnadar dersom dei må opprette ein ekstra klasse på eit trinn, enn det som hadde vore utan språkdelinga
Stort engasjement
Ordføraren forklarar at ordninga har vore under press fleire gonger, men at det har vore sterkt engasjement for å halde på språkdelinga.
– Det har vore kuttforslag fleire gonger, men dei skulane det dreier seg om er store skular. Det har vore stort engasjement blant lærarar og tillitsvalde. Mållaget har òg vore veldig på, forklarar Haug.
Nynorskentusiastane har vore mest engasjert i dei språkdelte klassane, og har vunne terreng framfor bokmålet som tidlegare var meir brukt i Odda.
– I Odda hadde ein språkstrid på 20-talet med samansmeltinga av bondesamfunnet og industrisamfunnet. Bokmålsfolket var rause med nynorskfolket og la opp til språkdeling. No er det viktig at kommunen er rause tilbake mot bokmålsfolket. Kanskje har ein gått litt langt når ein vart nynorskkommune, men det har ikkje vore noko særleg kritikk frå bokmålsbrukarane, seier ordføraren.
Valde bokmål
Julie Flotve kunne fort ha enda opp med å ha nynorsk som hovudform, sidan det var det skriftspråket foreldra valde for ho.
– Eg byrja på nynorsk, men så hadde eg ikkje lyst til det likevel, fordi alle venene mine gjekk på bokmål, så difor bytta eg over, fortel 17-åringen.
– Er du nøgd med det valet?
– Ja, eg er no det. Men det som er utfordringa er når eg får sidemål i norsk. Det er vanskeleg å gå over frå bokmål til nynorsk, enn frå nynorsk til bokmål igjen.
Flotve synest det er bra at regjeringa har sett av pengar til språkdelte klassar, og håpar pengane går til utdanning.
– Kva trur du at de sit att med, samanlikna med andre som ikkje har denne språkdelinga?
– Me får kanskje litt meir innblikk i sidemål i kvardagen.