Kraftig auke i talet på overgrepssaker i Høgsterett
Kvar tredje straffesak som vart behandla av Høgsterett i fjor, omfatta seksuallovbrot. Sakstypen har hatt ein kraftig auke dei siste åra.
I fjor var tolv av 37 straffesaker til munnleg behandling, saker som omfatta seksuallovbrot. I 2023 behandla Høgsterett seks slike saker. Året før var talet nede i tre.
Dei tre siste åra har det altså vore ei firedobling i talet på seksuallovbrotssaker.
– Når vi ser på desse sakene, så lurer vi på kvifor vi får så mange av dei i år. Vi har ikkje godt svar på det, sa høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie då ho la fram årsmeldinga til domstolen for 2024 måndag.
Ho understreka at det er for tidleg å seie om auken i år er eit eingongstilfelle eller eit utviklingstrekk.
● Les også: SV etterlyser samtykkelov – har mista tolmodet
Fleire overgrepssaker
Øie peikar likevel på at det har vore ein generell auke i talet på seksuallovbrot dei siste ti åra, og dessutan ny teknologi og samfunnsendringar som moglege grunnar til at slike saker var overrepresenterte i saksmengda i fjor.
– Og så er nok seksuallovbrot eit saksområde der ein har ein generell diskusjon om kvar grensene skal gå og kvar dei bør gå, poengterte ho og viste til Høgsteretts rolle i å fastsetje normalstraffenivået for ulike lovbrot.
Allereie dei første dagane av dei nye året har Høgsterett behandla ei sak om straff for svært mange valdtekter av eiga dotter.
Ankeutvalet har også sloppe gjennom ei sak der spørsmålet er om ein kan straffast for medverknad viss ein har oppmoda mindreårige til å ha seksuell omgang med kvarandre.
Normal saksmengd
Saksmengda for Høgsterett var på eit nokså normalt nivå i fjor.
- Domstolen fekk inn 2135 saker og avgjorde 101 saker i løpet av året.
- 37 saker straffesaker i munnleg behandling.
- 42 sivile saker i munnleg behandling.
- To sivile saker gjekk for storkammer: Striden om eigedomsretten til Karasjok og lovlegheita rundt praktisering av nakenvisitasjonar av innsette i fengsla.
- Resten av sakene tok ankeutvalet stilling til.
● Les også: Historisk klimadom opp i Montanas høgsterett
Klimasaka kjem opp
Domstolsleiar Øie framheva mellom anna klimasøksmålet som ei sak det truleg knyter seg både spenning og interesse til i år.
Framleis er det berre spørsmålet om verksemda på tre olje- og gassfelt på norsk sokkel skal stansast i påvente av ei rettsleg avgjerd i hovudsaka som skal behandlast.
Lagmannsretten kom til at han ikkje hadde styresmakt til å overprøve politiske avgjerder om petroleumsverksemda som ledd i handteringa av klimakrisa, og ville ikkje ta stilling til spørsmålet av demokratiomsyn.
No blir det opp til Høgsterett å avklare høvet domstolane har til å gripe inn.