SV etterlyser samtykkelov – har mista tolmodet

Tre år etter at regjeringa i Hurdalsplattforma skreiv at dei skulle leggje fram ei samtykkelov, har ingenting skjedd. SV har mista tolmodet.

NPK-NTB
Publisert

No truar partiet med å leggje fram lovforslaget sjølv, skriv Klassekampen.

I Hurdalsplattforma i 2021 står det at regjeringa skal komme med ei endring i straffelova slik at ordlyden skal gjere tydeleg at seksuell omgang utan samtykke er forbode og definert som valdtekt, skriv avisa. Dette blir ofte kalla for samtykkelov.

Men tre år etter at regjeringa la fram den politiske plattforma si, har det enno ikkje komme noko forslag til samtykkelov. SV er bekymra.

– Tida held på å renne ut for å få ei samtykkelov. Det står i Hurdalsplattforma, og det er ein siger som kvinnerørsla har jobba lenge for å få inn i ei regjeringserklæring, seier justispolitisk talsperson Andreas Sjalg Unneland i SV.

Unneland meiner det er uforståeleg at det framleis ikkje har komme noko lovforslag frå regjeringa, og seier det verkar som at justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) ikkje har dette høgt på si prioriteringslista. Sjølv meiner han at det byrjar å haste.

– Det vi veit, er at høgresida ikkje vil ha dette, så dersom venstresida skulle tape valet neste haust, kan vi gå glipp av denne moglegheita, seier han, og krev ein garanti frå regjeringa om at forslaget vil bli lagt fram.

Klassekampen har ikkje lykkast i å komme i kontakt med justisministeren for å få ein kommentar.