Historisk klimadom opp i Montanas høgsterett

Ungdommar i Montana blei historiske då dei fekk staten Montana dømd for å bryta retten deira til eit reint og sunt miljø. No står dommen i fare.

Magnus Rotevatn
Publisert

I august i fjor vann ei gruppe klimaaktivistar for fyrste gong eit søksmål mot ein amerikansk stat for brot på retten til eit reint og sunt miljø.

16 aktivistar, mellom 5 og 22 år gamle, meinte at klimaendringane skadar både den mentale og fysiske helsa deira. At delstaten gjorde lite for å hindra dette påstod dei at var eit lovbrot, noko ein domstol gav dei medhald i.

Avgjersla blei sett på som eit viktig gjennombrot når det gjeld å bruka rettssystemet for å tvinga fram klimahandling.

No har republikanske tenestemenn bede høgsterett i delstaten om å behandla saka. Republikanarane har kontroll over både delstatsforsamlinga og dei utøvande styresmaktene i Montana.

I dommen frå i fjor blei det slått fast at grunnloven til Montana gjev rett til eit reint og sunt miljø. To delstatslovar blei oppheva, og delstatsstyresmaktene blei pålagde beskytta innbyggjarane mot klimaendringar.

Viss dommen skal skapa framtidig presedens, må ikkje høgsterett omgjera ho.

– Distriktsdomstolen gav saksøkjarane eit show førre juni, men no er det tid for at høgsterett gjer jobben sin og omgjer den mangelfulle avgjersla, seier ein talsperson frå delstatsstyresmaktene til avisa Flathead Beacon.

Også utanfor grensene til Montana ynskjer folk å påverka domstolane. Til dømes har 14 amerikanske delstatar leia av republikanske guvernørar skrive til høgsterett i Montana og bede om ei omgjering av dommen.

Dystre klimarekordar

Klimaendringane blir stadig tydlegare. Ifylgje The Guardian, blei det nettopp klart at me for fyrste gong har hatt eit heilt år med gjennomsnittstemperaturar på 1,5°C over førindustrielt nivå.

Dette betyr ikkje at verda no har passert målet om hindra oppvarming på meir enn 1,5°C, då klimaet må bli vurdert over lenger tid.

Førre månad markerte også ei anna rekord. Aldri før har kloden vore så varm i juni.