Dramatisk krymping av breane
Den rekordvarme sommaren har tært hardt på breane våre. Bøyabreen i Fjærland har trekt seg tilbake 65 meter det siste året.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dramatisk utvikling
Det viser dei årlege målingane Norsk Bremuseum gjennomfører ved fire brear.
LES OGSÅ: Bekymra for breane
Dystre målingar
– Vi kan ikkje trekkje konklusjonar ut ifrå ein sommar, men viss vi får fleire slike varme somrar og vintrar med lite nedbør på breane, så ser det dårleg ut, seier Pål Gran Kielland som er fagansvarleg ved Norsk Bremuseum til NRK.
For målingane dei har gjort i år er dystre: Store Supphellebreen i Fjærland har gått tilbake 18 meter, Vetle Supphellebreen 31 meter, Bøyabreen 65 meter og Haugabreen i Jølster 13 meter.
Sjølv om trenden har vore nedgåande dei siste åra, er det ekstra ille i år. (©NPK)
LES OGSÅ: FN: 2013 det sjette varmaste året