Bekymra for breane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snøsmeltinga kjem til uttrykk i stor vassføring. Ifølgje professor i geovitskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, ligg smeltinga på brearmane til Jostedalsbreen minst éin månad før skjema.

– I fjor då vi var i Briksdalen og målte brefronten i månadsskiftet september – oktober, så låg det framleis is som var frå året før, men allereie no er i vi komne ned på den gamle isen. Det er ei uvanleg stor smelting, seier Nesje til NRK.no.

LES OGSÅ: – Verda må tilpasse seg uviss klimaframtid

Kritisk tilbakegong
NVE-målingar frå 2013 viste at fem av ni målte brear rundt Jostedalsbreen har trekt seg tilbake, medan tre har gått fram. 26 av 33 brear har på landsbasis trekt seg tilbake, fire er uendra og tre har framgang.

Sidan år 2000 har brearmar over heile verda opplevd tilbakesmelting, ifølgje NRK.no. Sju armar frå Jostedalsbreen har i snitt trekt seg tilbake 222 meter dei siste ti åra.

Nesje reknar med tilbakesmelting på alle bretungene når det kjem nye målingar på seinhausten.

– Ja, eg er uroa. For mange av desse brearmane, som trekkjer til seg mange turistar, kan bli mykje mindre og til og med forsvinne heilt. Dei kan etter kvart bli vanskelege å sjå nede frå dalen, og kanskje må ein lenger opp for å kunne sjå isen, seier professoren til NRK.no.