SV stansar gruvedrift på havbotnen: – Avgjerande for havets framtid

Miljørørsla jublar for at planane om gruvedrift på havbotnen vert lagde på is, og meiner permanent stans må vere neste mål.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dette gjennomslaget er heilt avgjerande for havets framtid.

Det uttalar Elise Åsnes, leiaren i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire, etter nyheita om at SV har fått gjennomslag for at utlysing av første konsesjonsrunde på gruvedrift på havbotnen skal utsetjast.

SV er regjeringa sitt samarbeidsparti, og gjennomslaget om gruvedrift har kome i forhandlingar om neste års statsbudsjett.

– Havbotnen er blant dei mest sårbare områda på planeten, og denne utsetjinga gir oss ei etterlengta moglegheit til å setje kunnskap og miljø føre uansvarleg hastverk, skriv Spire-leiaren i ein kommentar til Framtida.no.

Stortinget sa ja

Framtida.no har tidlegare skrive om at Stortinget i januar 2024 stemde for å opne for kommersiell leiting etter mineral på havbotnen. EU-parlamentet vedtok i februar ein resolusjon som uttrykkjer sterk bekymring for vedtaket.

Etter forhandlingane mellom regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og SV, er det klart at det ikkje blir utlysing av mineralverksemd på havbotnen i 2024 og 2025.

– Vi har ikkje makt i all æve, men det viktigaste er at utlysing ikkje skjer no i denne stortingsperioden. Det er den makta vi har, seier partileiar for SV, Kirsti Bergstø, ifølgje E24.

Barnas klimapanel: – Hadde vore krise

Leiaren av Barnas klimapanel, Jakob Sande Haugset, meiner nyheita frå budsjettforhandlingane er eit stort steg for framtidas generasjonar.

– Gruvedrift på havbotnen hadde vore krise. Det hadde vore eit svik mot framtidas generasjonar. Det at SV no redda oss frå det, var kjempeviktig.

Han meiner gjennomslaget aldri hadde kome utan barn og unge sitt engasjement.

– Som eitt av oss klimaengasjerte barn, vi som skal arve jorda, vil eg takke for dette. Trass i at Barnas klimarapport viser at engasjementet søkk, beviser dette at engasjement faktisk fungerer.

Mål om permanent stans

Spire ser på utsetjinga som eit vendepunkt, men understrekar at kampen om gruvedrift på havbotnen ikkje er over. Ein permanent stans må vere neste mål, meiner Åsnes.

– At SV har sikra ein tenkepause, er ein betydeleg siger for miljøet. Dette markerer eit nødvendig steg mot ein meir ansvarleg havpolitikk. Utan å forstå konsekvensane fullt ut, risikerer vi å påføre havets økosystem irreversibel skade – noko ingen generasjon har råd til, skriv Åsnes til Framtida.no.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til VG at regjeringa skal arbeide vidare med gruvedrift på havbotnen.

– Det blir ikkje noka utlysing i 2024 og 2025, så det er gjennomslag for SVs krav. Men vi vil bruke den tida til å fortsetje undersøkingar som gjer at vi kan ta godt vare på natur og miljø.