EU-parlamentet har vedteke resolusjon mot Noregs opning av gruvedrift på havbotnen

– Ein knusande kritikk, meiner Greenpeace.

NPK-NTB – Bibiana Piene
Publisert

Resolusjonen vart vedteken med stort fleirtal onsdag. 523 av dei 751 representantane i parlamentet stemde for, medan 34 stemde imot.

– Parlamentet uttrykker sine bekymringar for det norske vedtaket om å opne område for aktivitetar på djuphavbotnen, heiter det i resolusjonen.

Reaksjonane på vedtaket lét ikkje vente på seg.

Med resolusjonen strekk EU-parlamentet seg langt i å antyde at Noreg ikkje følgjer opp dei internasjonale forpliktingane sine, meiner Greenpeace.

– Resolusjonen er ein knusande kritikk av dei norske planane for gruvedrift på havbotnen. Dette er eit hardt slag mot Noregs internasjonale omdømme, seier fagrådgivar Haldis Tjeldflaat Helle i Greenpeace Norge til NTB.

– Ignorerer åtvaringar

– Ved å opne for gruvedrift på havbotnen i Arktis ignorerer Noreg åtvaringar frå hundrevis av havforskarar. Dette vedtaket er berre det siste i rekka av kritikk mot Noregs planar, påpeikar ho.

Også SVs Lars Haltbrekken meiner regjeringa er på djupt vatn.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk Venstreparti, Sør-Trøndelag. Foto: Stortinget

– Meldinga frå EU er tydeleg og viser at kampen mot miljøøydeleggjande gruvedrift på havbotnen ikkje er over. Vi kan ikkje risikere å starte store miljøøydeleggingar på havbotnen til inga nytte, seier han til NTB.

Også WWF Verdsnaturfondet meiner meldinga frå EU ikkje kan misforståast.

Karoline Andaur er konstituert generalsekretær i WWF Verdens naturfond. Foto: WWF / IVAN TOSTRUP

– Regjeringas avgjerd om å opne enorme havområde i sårbare Arktis for øydeleggjande gruvedrift har skaka verdssamfunnet. Det er ikkje kvar dag EU diskuterer og stemmer over kva eit suverent land gjer i eigne farvatn, seier generalsekretær Karoline Andaur.

– Set Jonas i skammekroken

– Reaksjonen frå forbundsfellane våre kan ikkje misforståast: Å opne for gruvedrift på havbotnen er uansvarleg havforvaltning, seier ho.

Same bodskap kjem frå MDGs Une Bastholm.

Une Bastholm er leiar av Miljøpartiet Dei Grøne. Foto: Thomas Ekström/Wikiemedia Commons/CC BY-SA 2.0

– Det er ikkje ofte vi ser EU-parlamentet så samla som i denne saka. Både konservative, sosialdemokratar og grøne er samde om at norsk politikk er uansvarleg gambling med økosystem og fiskeri Noreg delar med EU.

– Denne resolusjonen set Jonas Gahr Støre og resten av den norske regjeringa langt inn i den miljøpolitiske skammekroken, slår ho fast.

Også EU-kommisjonær Janusz Wojciechowski retta kritikk mot Noreg då EU-parlamentet diskuterte saka i slutten av januar.

– Noreg er det første landet i verda som banar veg for gruvedrift på havbotnen. Vi er veldig klare: Vi ønskjer eit forbod heilt til vi veit at dette ikkje vil ha nokon øydeleggjande effekt, sa Wojciechowski.

Kartlegging og leiting

9. januar i år vedtok Stortinget å opne for å undersøkje om utvinning av havbotnmineral kan gjerast på ein berekraftig og forsvarleg måte.

I første omgang skal industrielle aktørar kunne få løyve til å kartleggje og leite etter mineral i eit avgrensa område, ifølgje regjeringa.

Eventuelle planar om utvinning må likevel godkjennast av både departementet og Stortinget.

I resolusjonen går EU-parlamentet også inn for eit internasjonalt moratorium, det vil seie ei mellombels utsetjing, på all gruvedrift på havbotnen.

Prøvd å snu motstand

Regjeringa har den siste tida drive intens lobbyverksemd i Brussel for å snu motstanden mot havbotnmineral.

Mellom anna har statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sendt eit brev til EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen.

I brevet, som er datert 26. januar i år, skriv Støre at «det er viktig å informere deg om bakgrunnen for og innhaldet i Noregs tilnærming til havbunnsmineraler for å unngå misforståelser».