Søvnforskar skeptisk til LAN
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Altså – me vaksne skal sjølvsagt passa oss for å vifta altfor mykje med peikefingeren. For det er veldig flott at ungdommen finn saman og har det kjekt. Men eg er generelt skeptisk til datatreff, der dei gjerne held seg vakne i to døger i strekk, eller meir, seier Bjorvatn, professor ved Universitetet i Bergen og leiar av Nasjonalt kompetansesenter for søvnsjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus.
LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn
– Lett å bli sjuk
Han understrekar at det er uvisst kor skadeleg det er å utsetja kroppen for slike påkjenningar, men slår fast at, sunt – det er det ikkje.
– Det er veldig individuelt korleis søvnunderskot slår ut frå person til person. Men det er veldig lett å bli sjuk etterpå. Ser ein på det i lengre perspektiv, altså om ein søv lite over fleire år, har det vist seg at det kan føra til både diabetes, overvekt og hjarte- og karsjukdommar, seier Bjorvatn.
LES OGSÅ: Norske ungdommar søv for lite
Normal døgnrytme
– Kva tips har du til ungdommane som har vore på datatreff i vinterferien?
– Det viktigaste er at dei prøver å finna tilbake til normal døgnrytme så raskt som mogeleg. På generelt grunnlag vil eg rå til at dei sikrar seg nok søvn kvar natt veka gjennom – også i helgane. For ein tenåring så bør dei liggja på mellom åtte og ni timar per natt.
Han ser likevel at dette ikkje alltid er tilfelle.
LES OGSÅ: Søvnskadeleg sengesurfing
Ujamn fordeling
– Dagens ungdom søv mykje mindre enn før, ettersom det er så mykje spennande som skjer, med både sosiale media og anna. I tillegg ser me at søvnen blir litt ujamt fordelt, at dei kanskje søv fire-fem timar meir i helgane enn i vekedagane. Som søvnforskar tykkjer eg det er litt urovekkjande, seier Bjørn Bjorvatn.