Søvnskadeleg sengesurfing

Å sjå på skjermar i senga er ein dårleg idé om du vil sove godt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mailkorrespondanse, Facebook-oppdatering, internettsurfing og filmar på sengekanten kan øydeleggje søvnkvaliteten, melder Forsking.no.

LES OGSÅ: Norske ungdommar søv for lite

Ni av ti sengesurfar
Forskarar ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen utførte ei søvnstudie der dei spurde 500 studentar om deira skjermvanar på sengekanten. Over 90 prosent svara at dei minst ein gong i veka surfar, ser film eller sjekkar e-post før dei fell i søvn.

– Søvnstudien viser at det var ein klår samanheng mellom surfing på mobil og PC og insomni, altså søvnvanskar, seier professor Ståle Pallesen, til Forsking.no.

LES OGSÅ: Før sov vi to gonger kvar natt

Rytmeforstyrrande ljos
B-menneska surfa og såg meir film enn A-menneska. Forskarane fann at ein seinare døgnrytme auka mediebruken i senga. Forskarane kan ikkje lukka ute at dei som slit med å få sove frå før tyr til elektroniske media for underholdning. Men ein ser altså ein klar samanheng mellom mediebruk på senga og søvnvanskar.

– Me veit at ljos kan påverke biologiske mekanismar som forseinkar søvn og døgnrytmen. Spanande spel eller tv-program kan verka oppgirande og gjere det vanskelegare å sova, seier Pallesen.

LES OGSÅ: Søvn styrkar minne og læring

Sex og søvn
Om soverommet forbindast med andre ting enn søvn kan det verte vanskelegare å sove. Forskaren rår difor folk til å halde soverommet fritt for fjernsyn, mobiltelefonar og datamaskinar.

– Soverommet bør vere haldt av til sex og søvn, seier Pallesen.